
Nattevakt 80%
Helsefagarbeider, natt 80%
Om arbeidsstaden
Område Vest er lokalisert på Voss Sjukeheim. Det er gangavstand frå sentrum og togstasjonen.
Avdelinga med ledig stilling er ei langtidseining med 44 bebuarar delt på 2 etasjer. Fast stilling på natt er i heile langtidsavdelinga, i tilpassa stillingsstorleik, med vakter 3. kvar helg. Søknader behandlast fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Pleiefaglege oppgåver, både omsorgsoppgåver og aktiv behandling. Varierte oppgåver som krev kunnskap og fleksibilitet som helsefagarbeidar.
Natt-turnus, arbeid kvar 3.helg
Me søkjer
- Helsefagarbeidarar med norsk autorisasjon og gode norskkunnskapar
- Kunnskap og lyst til å arbeide med geriatri
- Gode samarbeidsevner, evne til å tenke nye tankar, høg grad av fleksibilitet og gode kommunikasjonsevner
- Omstillingsevne
I tillegg må du ha stå på vilje, arbeidslyst, energi og ynskje om å vidareutvikle våre tenester og bidra i arbeidsmiljøet vårt.
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
16.10.2023
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Voss sjukeheim
Kontaktpersonar:
tlf: 41704924
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Sjukehusvegen 15 5704 Voss