
Er du miljøterapeut?
EM tiltaket treng fleire medarbeidarar
Tilsetjinga vil skje fortløpande i perioden
Barne og familiehjelpa søkjer miljøterapeutar med kompetanse og erfaring frå flyktning og migrasjonsarbeid
Voss herad styrkar den førebyggjande innsatsen retta mot barn og familiar. Fagfolk som yt hjelpetiltak direkte inn mot barn og familiar relatert til samspel og/eller åtferd skal no samlast. Dette med sikte på meir presise tiltak, betre utnytting av fagkompetanse og betre koordinering av tenester. Det overordna målet er å gje samkøyrte tenester utan brot i oppfølging. Innbyggjarar og tenester skal kunne ta kontakt direkte etter ein "ei dør inn-modell". Eininga vil omfatta psykologtenester, PMTO-terapeutar, familieterapeutar og rettleiarar, miljøarbeidarar, EM-tiltak m.v. Totalt omlag 25 personar.
Nytt bufellesskap
EM tiltaket som inngår i barne og familiehjelpa er no i behov av 5 medarbeidarar i fast stilling som miljøterapeut/ miljøarbeidar. Kompetansen til tilsette skal nyttast på tvers av eininga og på tvers av tenestetilbodet til heradet. Dette er eit grunnleggjande premiss for alle som vert tilsett. Dette stiller store krav til fleksibilitet til dei som vert tilsett.
Om Em tiltaket:
Em tiltaket er eit kommunalt bufellesskap som gjev bu- og omsorgstilbod til einslege mindreårige flyktningar i alderen 13-20 år på Voss. Em tiltaket har og oppfølging av ungdomar som treng heildøgnstilbod i samarbeid med barneverntenesta i heradet. På Em tiltaket nyttar me oss av medlevarturnus. Intervall på turnus er 2-7, 2-7, 3-7.
Voss herad tilbyr:
- Eit uformelt, hyggeleg og profesjonelt miljø
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Løn og pensjon etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
- Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Kvalifikasjonar:
- 3 årig helse- og sosialfagleg utdanning (barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar), anna relevant utdanning med 180 studiepoeng frå høgskule/ universitet kan bli vurdert
- erfaring frå arbeid med minoritetsgrupper og fortrinnsvis med eit flyktning og migrasjonsperspektiv
- fortrinnsvis god kjennskap til lov og regelverk knytt til flyktningar
- gode norskkunnskapar munnleg og skrifteleg, gjennomført B1-prøve
- anna språkleg kompetanse er positivt
- personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Arbeidsoppgåver:
- Tilsett er hovudkontakt for ungdom
- Har medansvar for kvalitet og det faglege miljøet i bufellesskapet
- Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid
- Motivera og engasjera ungdomane til skule samt positive aktivitetar
- Samarbeid med verge/ føresette, sosialt nettverk, skule og andre viktige samarbeidspartar
- Praktiske oppgåver knytt til bufellesskapet
- Diverse utadretta miljøterapeutiske oppgåver knytta både til ungdommar på Em og barnevern.
Me ynskjer:
- deg som blir motivert av ansvar, arbeider sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla, og som kan ivareta ungdomane og deira behov på ein god måte
- deg som har hjarterom og god evne til å knytte relasjonar
- deg som er fleksibel og trivst med utfordringar, og har hurtig evne til omstilling
- du må ha toleranse, vidsyn, og evne til å sjå løysingar, kombinert med humor og evne til å by på deg sjølv. Dette er eigenskapar som blir verdsett
- gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- deg som er ein god lagspelar
- sertifikat kl. B
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Hugs å gje opp referansar. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
18.07.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Voss herad 5700 Voss herad