Voss herad

Er du Voss herad sin nye vernepleiar?

Vernepleiar

Om avdelinga: Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.

Om arbeidsstaden

På Lundhaugen bur det personar med ulike funksjonsvariasjoner der alle har eigne leileigheter med tilgang til fellesaral.
Lundhaugen har døgnbemanning med våken nattevakt. Deler av stillingane inneber arbeid i heimetenesta sone vest i kvardagar.

Me tilbyr: 

  • 100% fast stilling frå 01.09.2025
  • 80% fast stilling frå 01.09.2025
  • 16 000,- i rekrutteringstillegg for vernepleiar
  • Årsturnus
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter med arbeid kvar 4.helg 

 Kvalifikasjonar:   

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar, anna relevant høgskuleutdanning eller fagarbeidar kan bli vurdert   
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar   
  • Gode datakunnskapar. Opplæring i fagsystem vil verta gitt   
  • Fordel med erfaring i målretta arbeid ved åtferdsutfordringar

  Me ynskjer deg som:   

  • Er god på samarbeid
  • Er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
  • Er ein positiv pådrivar i endringsarbeid og utvikling av tenestene
  • Medverkar til at den enkelte tar i bruk eigne ressursar til aktivitet og sjølvstendigheit
  • Har relasjonskompetanse
  • Har førarkort klasse B
  • Har stort engasjement for målretta arbeid i relasjoner til menneske som har åtferdsutfordringar

Arbeidsoppgåver:   

  • Dokumentera helsehjelp i Aidn
  • Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
  • Bidra til at interne og eksterne lover, relgar og prosedyrar vert følgt
  • Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
  • Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande
  • Ansvaleg for å halda seg fagleg oppdatert
  • Implementera velferdsteknologi   

 Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

03.08.2025

Tiltreding:

01.09.2025

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Hanne Tombre

tlf: 97997165

Adresse:

Ringheimsvegen 23 5704 Voss

Kart: