Voss herad

Er du Voss herad sin nye byggdriftar?

Byggdriftar 100 % fast

Om arbeidsstaden

Voss herad si bygg og eigedomsavdeling, gjennomfører drift og vedlikehald av kommunale bygg. Byggdriftarane i Voss herad har eigen arbeidsleiar, og du vil samarbeida med 13 andre byggdriftarar i Voss herad.

Arbeidsoppgåver

Sentrale arbeidsoppgåver vil vera drift av ljos-, ventilasjon-, varme- og kjøleanlegg, samt vatn og VVS-installasjonar. Voss herad har SD-anlegg frå fleire leverandørar, og byggdriftar skal vera i stand til å drifta desse.

Du føretek ettersyn av bygg og uteanlegg og utførar enkle reperasjonar og vedlikehald. Du har og kontakt med leverandørar som leverer tenester til Voss herad. Ein byggdriftar arbeidar planmessig og effektivt. Du vil vera ein ressurs for eigar og brukarar av bygget og du må kunna kommunisera godt og yta god service. Me er opptekne av å bygga gode lag, og personlege eigenskapar er viktig for oss og vert tillagt vekt.

Kvalifikasjonar

  • Deg som har fagbrev som byggdriftar eller anna relevant fagutdanning
  • Du som har førarkort kl B gjerne med BE
  • Deg som har god It-kunnskap

Me ynskjer deg som

  • brenn for å drifta bygg på best mogleg vis til gode for brukarar og eigar
  • har gode samarbeidsevner og utprega serviceinnstilling.
  • likar å jobba sjølvstendig og i team
  • er fleksibel og likar å jobba i eit til tider travelt miljø

 Me tilbyr

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

21.08.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Haakon Innset

tlf: 90163465

mob: +47 90163465

Øystein Ullestad

tlf: +47 97050366

Adresse:

Uttrågata 9 5700 Voss

Kart: