Voss herad

Ynskjer du å arbeida som pedagog i vossabarnehagane?

Pedagog i Vossabarnehagane

Voss herad søkjer engasjerte pedagogar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn. Me legg vekt på at barna skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje barna i Voss herad ein god start på vegen vidare i livet. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at barna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar kvar dag i vossabarnehagane.

Pt. har me ledig følgjande stillingar

  • Fast stilling som pedagogisk leiar i Bjørgamarka barnehage
  • Vikariat som barnehagelærar i Bjørgamarka barnehage frå 01.08.2025 til 01.04.2026
  • Vikariat som barnehagelærar i Tueteigen barnehage for året 25/26
  • Vikariat som pedagogisk leiar Tueteigen barnehage for året 25/26

Voss herad tilbyr:

  • Rekrutteringstillegg kr 20 000 for barnehagelærar i 100% stilling ved fyrstegongs tilsetting i Voss  herad.
  • Årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
  • Pedagogisk leiar får kr 40 000 i tillegg ved 100 % stilling
  • God ordning for etter – og vidareutdanning
  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaringar med kvarandre
  • Gode kollegaer og eit positivt miljø
  • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • Rettleiing for nytilsette/nyutdanna
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her.  Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

       Dei som vert tilsett må leggja fram godkjend politiattest.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet. 
  • Utvikla og ivareta eit godt samarbeid med barn og foreldre/føresette
  • Vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar.
  • Førebu og gjennomføra startsamtalar og foreldresamtalar
  • Syta for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø.
  • Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø.

Me ynskjer at:

  • Barna skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje dei ein god barndom
  • Du er engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for barn. 
  • Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
  • Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
  • Du har fokus på barna sitt beste, evne og vilje til å samarbeid, og kan jobba sjølvstendig.
  • Du er utviklingsorientert, engasjert, løysingsorientert og fleksibel
  • Du bidreg til at barna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar kvar dag i vossabarnehagane.

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Menn vert oppmoda om å søkja

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

11.07.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Frøydis Solbakk

tlf: 45292855

Adresse:

Voss herad 5700 Voss herad

Kart: