
Voss herad søkjer bustadforvaltar
100 % fast stilling som bustadforvaltar
Me har ledig 100 % fast stilling som bustadforvaltar med oppstart så snart som råd. Stillinga er plassert i kommunalavdelinga for tekniske tenester.
Innhald i stillinga:
Bustadforvaltaren i Voss herad har ansvaret for drift vedlikehald av dei kommunale bustadane, og spelar ei viktig rolle i å skapa trygge og gode heimar for dei som treng det mest. Stillinga omfattar ansvar for leigekontraktar og oppfølging av leigetakarar. Bustadforvaltaren spelar ei nøkkelrolle i samarbeidet mellom driftsavdelinga og leigetakarane, og sørgjer for at utfordringar blir løyste raskt og effektivt.
For å halde oversikt og sikre god oppfølging av vedlikehald, avvik og brannførebyggjande arbeid, brukar Voss herad FDV-systemet FAMAC. Systemet er eit sentralt verktøy for å følgje opp avvik, planlegge vedlikehald og sikre god bustadkvalitet.
Dette er ei stilling der du møter eit stort mangfald av menneske og du blir ein viktig del av bustadteamet og samarbeider tett med andre kommunale tenester for å skape trygge og stabile heimar for sårbare grupper. Med eit variert spekter av oppgåver, på kontoret og ute i felt kan ein garantere at ingen arbeidsdag er lik.
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan eigedomsforvaltning, byggfag, økonomi, offentleg forvaltning eller andre fagområde som er relevante for drift og utleige av kommunale bustader. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring eller kjennskap til offentleg forvaltning og tilhøyrande regelverk.
- Gode ferdigheiter i både skriftleg og munnleg norsk.
- God digital kompetanse, gjerne motivasjon for å ta i bruk nye digitale løysingar/verktøy
- Førarkort klasse B
Me ynskjer at du er:
- Ein lagspelar med evne til å skapa tillit og fremje positive samarbeid, både internt og eksternt.
- Motiverande og engasjert, og triggast av samarbeid, kommunikasjon og utvikling av gode relasjonar.
- Systematisk og strukturert, med fokus på kvalitet i arbeidsprosessar og gjennomføring av oppgåver.
- Me er opptekne av å bygga gode lag. Personlege eigenskapar er viktig for oss og vert tillagt vekt.
Me tilbyr:
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø der me oppmuntrar til samarbeid og gjensidig vekst.
- Eit arbeidsfellesskap som er engasjert i innovasjon, utvikling og implementering av nye løysingar for å møte framtidas utfordringar.
- God tilrettelegging for fagleg og personleg utvikling, inkludert moglegheit for deltaking på kurs, nettverksbygging og kontinuerleg læring.
- Fleksibilitet til å påverka sjølve stillinga og arbeidsdagen, slik at du kan forme ei arbeidskvardag som passar deg.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, med deltaking i spennande prosjekt som utviklar både fagkompetanse og problemløysingsevner.
- Fleksitid som gir god balanse mellom arbeid og fritid.
- Løn etter kommunalt avtaleverk, samt konkurransedyktige forsikrings- og pensjonsordningar.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
21.08.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Kyrre Sudmann Mandelid
tlf: +47 48014585
Heimeside:
http://www.voss.herad.noAdresse:
Uttrågata 9 5700 Voss