Voss herad

Liker du å gjera reint, å vera til nytte for andre? Då har me kanskje jobben for deg!

Reinhaldar- faste stillingar

4 faste i 100% stilling, reinhald i teamet, rundt om i heradet.

Om arbeidsstaden

Bygg og eigedom har ansvar for å byggja, drifta og vedlikehalda bygg og eigedomar i Voss herad.  Reinhald er ein viktig del av vedlikehaldet og Reinhaldsavdelinga er ein avdeling med 52 tilsette som er organisert under Bygg og eigedom, teknisk etat. Reinhaldsavdelinga har reinhald for rund 50 ulike bygg i Voss herad. Teamet har ansvaret for dei mindre bygga, dekker inn sjukefråvær og større periodiske reinhald oppgåver.  

Me tilbyr: 

  • gode vilkår for fagleg utvikling.
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kvalifikasjonar:

  • Du må meistra norsk skriftleg og munnleg tilsvarande nivå A2, i det felles europeiske rammeverket for språk.
  • Grunnleggjande datakunnskapar, og kunne bruke dette i dagleg kontakt med avdelinga.
  • Førarkort for bil, klasse B.

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Me ynskjer deg som: 

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Har erfaring frå reinhaldsyrket.
  • Er god på samarbeid.
  • Er fleksibel og ynskjer å ta ansvar.
  • Er ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene.

Personlege eigenskapar som vert vektlagt:

  • Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner.
  • Er kreativ og løysingsorientert.
  • Jobbar systematisk, strukturert og effektivt.

Arbeidsoppgåver

  • For alle stillingane gjeld dagleg reinhald, periodisk- og hovudreinhald etter plan.
  • Arbeidet utførast innanfor normalarbeidstid, dvs. mellom kl. 07:00 (06:00) -17:00.
  • For å ivareta helse, inneklima og bygg, bruker me mest mogeleg maskiner i arbeidet. 
  • Du må kunne samarbeida med brukarane på bygga for å få utført dette arbeidet på beste måte for alle.
  • Du må kunne samarbeida med kollegaer ved andre bygg, hjelpa til ved sjukefråvær og andre oppdrag som arbeidsleiar planlegg.
  • På sikt vil dei som jobbar i team også få opplæring i spesialreinhald.

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

04.08.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss Herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Uttrågata 9 5700 Voss

Kart: