Voss herad

Ynskjer du arbeida ved Granvin barne- og ungdomsskule?

Fagarbeidar og/eller miljørettleiar

Voss herad søkjer miljørettleiar/fagarbeidar med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skapa livsmeistring og medborgarskap i vossaskulen. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla vossaskulen og skapa felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon.

Granvin barne- og ungdomsskule har ledig to fagarbeidar/miljørettleiar -stillingar. Du vil jobba både i skule og SFO med rettleiing og støtte av elevane våre fagleg, emosjonelt og relasjonelt. Stillingane har vanleg arbeidsår (ikkje fri som skulen).

Granvin barne- og ungdomsskule jobbar kontinuerleg med klasseleiing og skulemiljø og aktiv undervisning ute som inne er eit satsingsområde. Du må vera glad i å vera ute i all slags vêr og trivast med å vera fysisk aktiv.

Arbeidsoppgåver

Som miljørettleiar/fagarbeidar jobbar du tett på elevane og i lag med kontaktlærar og andre som til saman utgjer laget kring barnet. Du vil ha tett oppfølging av enkelte born med ulike behov, men også vera ein ressurs for alle elevane i undervisninga ute og inne. 

Kvalifikasjonar

  • fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller miljørettleiar med utdanning innan sosialt arbeid, vernepleie, pedagogikk eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Nokre elevar treng dagleg pleie og tett oppfølging med personleg assistanse. Difor kan stillingane også passa for deg med helsefagleg bakgrunn/erfaring.
  • anna relevant utdanning/arbeidserfaring kan bli vurdert
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har eit stort engasjement for elevar med særskilde behov. 
  • Du tek ansvar, er strukturert og kan handtere ein hektisk arbeidskvardag
  • Du kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
  • Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er nysgjerrig på å læra og likar å vere i utvikling
  • Du ser verdien av å arbeida saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.


Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

03.08.2025

Tiltreding:

01.10.2025

Arbeidsstad:

Voss herad

Adresse:

Hardangervegen 2543 5736 Granvin

Kart: