Voss herad

100 % faste stillingar ved Nyhagen/Lundhaugen

Vernepleiar/helsefagarbeidar

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om avdelinga:

Fast stilling frå 01.05.23 i 100% for vernepleiar/helsefagarbeidar. Stillinga er delt mellom Lundhaugen/Nyhagen 20/80. Dagvakter i Nyhagen og kvar 3.helg i Lundhaugen. 
Fast stilling frå 01.05.23 i 100% for vernepleiar/helsefagarbeidar. Stillinga er delt mellom Lundhaugen/Nyhagen 60/40
Fast stilling frå 04.09.23 i 100% for helsefagarbeidar. Stillinga er delt mellom Lundhaugen/Nyhagen 68/32

Stillingane har dag og kveldsvakter med arbeid kvar 3. eller 4.helg. Det er mogleg å jobba langvakter dersom ein ynskjer det. 
Stillingane er delt på to arbeidsplassar, bustad og dagsenter. Lundhaugen Omsorgsbustad og Nyhagen Aktivitetssenter. I Lundhaugen Omsorgsbustad bur det 12 mennesker med nedsett funksjonsevne som har behov for tenester. Alle bur i eigne leiligheiter med tilgang til fellesrom og det er døgnbemanna. Nyhagen aktivitetssenter er eit dagtilbod for menneske med nedsett funksjonsevne. Her har brukarane tilbod om ulike arbeidsoppgåver, uteaktivitetar og sosiale aktivitetar. Me har fokus på fysisk fostring og ernæring. Arbeidsdagen inneber og noko transport av brukarar. 

Arbeidsoppgåver

  • bistå bebuar i dagleglivets gjeremål
  • målretta miljøarbeid
  • medikamenthandtering
  • skapa tryggleik og struktur
  • delta saman med bebuar på fritidsaktivitetar
  • praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
  • tilsett skal vera ein støtte og rollemodell, med fokus på brukardeltaking, aktivitet og hjelp til sjølvhjelp.
  • arbeidsoppgåvene varierer frå stell og pleie, huslege gjeremål, trening/motiveringsarbeid, oppfylging av helse, samarbeid med andre etatar og pårørande.
  • alle som mottek tenester har tiltaksplanar og dokumentasjon skal gjerast i fagprogrammet Gerica.
  • du må kunna nytta dataverktøy og vil få opplæring
  • verdiane våre er: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande 

Kvalifikasjonar

  • vernepleiar
  • helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning
  • assistent med relevant erfaring kan bli vurdert
  • evne til å tileigna seg ny kunnskap og lika faglege utfordringar
  • ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • gode samarbeidsevner.
  • løysingsfokusert og positiv, ha ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • du må ha evne til å arbeida målretta, vera uthaldande og trygg
  • førarkort klasse B
  • godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

25.03.2023

Tiltreding:

02.05.2023

Arbeidsstad:

Voss Herad

Kontaktpersonar:

Asa Gunnarsdottir

tlf: 95262096

Adresse:

Bjørnshovden 19 5708 Voss

Kart: