Voss herad

100% fast stilling som leiar for Voss helsestasjon og skulehelseteneste

Leiar for Voss helsestasjon og skulehelseteneste

Vår dyktige leiar vert no pensjonist og me søkjer hennar etterfølgjar. Voss helsestasjon og skulehelseteneste har ledig fast 100 % stilling som leiar frå 01. juni 2023.

Om arbeidsstaden:

Helsestasjonen og skulehelsetenesta er organisert i kommunalavdeling Oppvekst under Barne- og familietenestene. Barne- og familietenestene har felles leiar i lag med PPT, barneverntenesta og kommunepsykologtenesta. Desse er samlokalisert saman med andre hjelpetenester i Knutepunktet, eitt nytt kontorbygg midt i sentrum av Vossevangen. Me har alle eit stort fokus på tverrfagleg samarbeid

Helsestasjon- og skulehelsetenesta har ei sentral rolle i det førebyggjande og helsefremjande arbeidet når det gjeld fysisk og psykisk helse for barn og unge i alderen 0-25 år. Fokus skal vere tidleg innsats for å førebyggje uheldig utvikling på individ, familie og gruppenivå. Vidare å sikre born og unge si rett til helseteneste. Tenesta har eit godt fagmiljø med høg kompetanse og erfarne medarbeidarar. Tenesta tel tilsaman 18 årsverk. Skulehelsetenesta gjev tenester til 11 grunnskular og 2 vidaregåande skular.

Stillinga vil kreve at du har gode evner til å utvikle tilsette og fagområde innafor helsesjukepleiarfaget og å kunne strategisk styre tenestetilbodet både internt i eininga og på tvers av tenesteområda.

 Arbeidsoppgåver

  • Du vil får overordna ansvar for Voss helsestasjon og skulehelseteneste med strategi-, økonomi-, og personalansvar.
  • Me ser det som viktig at du evnar å skape ein raud tråd mellom nasjonale føringar, kommunale satsingsområde og internt arbeid i eininga.
  • Du skal og vere spydspiss i omdømebygging av tenesta og av Voss herad.

  Kvalifikasjonar:

  • helsesjukepleiar og gjerne med tilleggsutdanning i administrasjon og leiing
  • erfaring frå leiing i offentleg sektor 
  • rettleiingskompetanse
  • relevant erfaring frå arbeid med barn og unge
  • god digital kompetanse
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • den som blir tilsett må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i tenesta

 Me forventar:

  • personlege eigenskapar som gode samarbeidsevner og evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta
  • godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
  • du må gje opp minst to referansar

 Me tilbyr:

  • spanande og fagleg engasjerende arbeidsoppgåver
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • flotte, nye kontorarealer og behandlingsrom
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

23.03.2023

Tiltreding:

01.06.2023

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Uttrågata 15 5700 Voss

Kart: