Fast 100% stilling for sjukepleiar
Sjukepleiar på Vossestrand
Vossestrand Omsorgstun ynskjer å fylgja med i tida. Difor vil me tilpassa oss framtida si helseteneste, og sikra rett kompetanse på rett plass til rett tid.
Helse og omsorg arbeider etter tillitsmodellen med pasienten i fokus og med tenesteutøvarar som kan, vil og tør.
Me tilbyr varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling, stort fleksibilitet og høg kvalitet, som skal drive omsorgstenesta opp og fram ved hjelp av kontinuerleg kompetansebygging, og nært tverrfagleg samarbeid.
Me tilbyr
- Stillingsprosent etter ynskje inntil 100%
- Eingongsutbetaling på 50.000kr mot at ein står i stillinga i minst 2 år samanhelgande. Gjeld kun eksterne søkjarar som ikkje er tilsett i heradet frå før av.
- Rekrutteringstillegg på kr 20-25.000 for 100% stilling som sjukepleiar
- Tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for arbeid kvar 4.helg
Om arbeidsstaden
Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, studentar kan og søkja
- Meistra skriftleg og munnleg norsk
- Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing
- Personlege eigenskapar vert lagt vekt på
Arbeidsoppgåver
- Utføra sjukepleiaroppgåver; kartleggingar, behandling, observasjon og pleie
- Bidra til å ivareta den enkelte bebuar sin identitet, eigenverdi og sjølvstende
- Legemiddelhåndtering
- Dokumentasjon, samt laga og evaluera tiltaksplanar
- Veiledning og opplæring av kollegaer.
- Bidra til fagleg utvikling mellom anna ved å arrangere internundervisning. Etter læra-for-å-læra-vidare prinsippet.
- Samarbeid med pasient, pårørande, sjukeheimslækjar, og anna tverrfagleg personell
- Nytta Velferdsteknologi
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
20.04.2023
Tiltreding:
12.06.2023
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
tlf: 91809566
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Oppheimsvegen 35 5713 Vossestrand