Fast 80% stilling som helsefagarbeidar ved Vossestrand Omsorgstun
Helsefagarbeidar
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Om avdelinga:
Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum.
Det er 26 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Det er vekslande mellom langtid, korttid, vekselpleie, avslastning og omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning.
Me arbeider etter tillitsmodellen og det kan verte aktuelt å arbeide inne og ute.
Fylgjande er ledig:
- 80% fast for helsefag/hjelpepleiar ved Vossestrand Omsorgstun
Vernepleiar og sjukepleiar kan og søkje.
Ved intern tilsetjing kan anna fast stillingsprosent verte aktuelt.
Arbeidsoppgåver:
- Heilheitleg pleie og omsorg
- Helsefaglege oppgåver
- Oppgåver etter kompetanse og autorisasjon
- Primærkontaktoppgåve
Kvalifikasjonar:
- Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar
- Vernepleiar
- Sjukepleiar
- Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me ynskjer:
- Deg med glede av å arbeide i eldreomsorgen
- Ein ny god kollega
Me tilbyr:
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Rekrutteringstillegg for sjukepleiar på 20-25.000kr i året
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
28.03.2023
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Voss Herad
Kontaktpersonar:
tlf: 91809566
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Oppheimsvegen 35 5713 Vossestrand