Voss herad

Ynskjer du å gje born ein god barnehagekvardag?

Ledig stilling 100 % fast pedagogisk leiar og 100 % barnehagelærar

Tueteigen barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar og 100 % fast stilling som barnehagelærar

Om barnehagen: me er ein 4 avdelingsbarnehage lokalisert i Granvin. Avdeling Toppen, Midten og Kjellar er lokalisert i Tueteiegen, medan avdeling Fjell er lokalisert i sentrum. Det er vedtatt å byggja ny barnehage, og prosessen mot ny barnehage i Granvin sentrum er i gang. Me arbeidar systematisk med å skapa eit inkluderande barnehagemiljø. Me har særskilt fokus på å vera tilstades med borna "på golvet", og skapa gode leikemiljøer både inne og ute. Vår visjon: i barnehagen skal alle born oppleva å ha eit trygt og godt barnehagemiljø. Barnehagen har flott natur og skog innom kort rekkjevidda som me har fokus på å nytta aktivt. 

Voss herad tilbyr eit rekrutteringstillegg kr 20.000 for dei som får 100% stilling i Tueteigen barnehage. Endrar du tenestestad til anna barnehage enn  Tueteigen fylgjer ikkje rekrutteringstillegg med.

Tidsrom:

  • snarast

Arbeidsoppgåver:

  • planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet.  
  • vera ein god og aktiv leikekamerat for borna.
  • sørge for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø.
  • være ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø.  
  • utvikla og ivareta eit godt samarbeid med føresette.
  • førebu og gjennomføra oppstartsamtalar og foreldresamtalar.

 Kvalifikasjonar:

  • du som skal tilsetjast må ha utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

 Me ynskjer:

  • at borna skal møta engasjerte og trygge vaksne som kan gje borna ein god barnehagekvardag
  • deg som kan bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar kvar dag
  • deg som har fokus på borna sitt beste
  • engasjerte pedagogar med god fagleg kompetanse med eit stort hjarte for barn  
  • deg som er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
  • deg som er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
  • deg som er ein god lagspelar, samstundes som kan arbeida sjølvstendig
  • deg som er utviklingsorientert, engasjert, løysingsorientert og fleksibel

Voss herad søkjer engasjerte pedagogar med god fagleg kompetanse med eit stort hjarte for barn. Me legg vekt på at barna skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje barna i Voss herad ein god barndom på vegen vidare i livet. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at barna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og mestringsopplevingar kvar dag i vossabarnehagane.

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
  • gode kollegaer og eit positivt barnehagemiljø
  • ein innhaldsrik kvardag med utfordringar og gode moglegheiter til å bruka seg sjølv og sine interesser
  • humor og glede i kvardagen
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk
  • Voss som tettstad tilbyr mektig natur med aktivitetar frå fjord til fjell 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

19.10.2023

Tiltreding:

Omgåande

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Anna Caroline Varenius

tlf: 48014576

Adresse:

Kart: