Voss herad

Sjukepleiar i sone aust

Sjukepleiar

På sone aust treng me fleire dyktige kollegaer og har no ledig 5 stillingar som sjukepleiar i ynskja stilingsstorleik opptil 100%.

Me er ei dynamisk kollegagruppe i alle aldre, som ynskjer mangfold i avdelinga vår. Er du godt voksen, veldig ung, eller midt imellom er du hjarteleg velkomen hjå oss. Me ynskjer gjerne fleire menn ilag med vår ellers kvinnedominerte avdeling, og lovar kjekke og spanande utfordringar på rekke og rad. Kjenner du at du har god fart, er rask i vendinga, og likar nye utfordringar er det deg me søkjer. Me har eit godt arbeidsmiljø, og støtter kvarandre til å gjere ein god jobb for brukarane av tenestene våre. 

Sjukeheimane og heimesjukepleien i Voss herad ynskjer å fylgja med i tida. Difor vil me tilpassa oss framtida si helseteneste, og sikra rett kompetanse på rett plass til rett tid.

Helse og omsorg arbeider etter tillitsmodellen med pasienten i fokus og med tenesteutøvarar som kan, vil og tør.

Me tilbyr varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling, stort fleksibilitet og høg kvalitet, som skal drive omsorgstenesta opp og fram ved hjelp av kontinuerleg kompetansebygging, og nært tverrfagleg samarbeid.

Om arbeidsstaden

Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.

 Me tilbyr

  • stillingsprosent etter ynskje
  • rekrutteringstillegg på kr 20-25.000 for 100% stilling som sjukepleiar
  • eingongsutbetaling på kr 50.000 i 100% stilling for eksterne søkjarar, vilkår er at du står i stillinga i 2 år
  • tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter med arbeid kvar 4.helg

 Me søkjer

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar, studentar kan og søkja
  • meistra skriftleg og munnleg norsk 
  • gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing 
  • personlege eigenskapar vert lagt vekt på

 Arbeidsoppgåver

  • utføra sjukepleiaroppgåver; kartleggingar, behandling, observasjon og pleie
  • bidra til å ivareta den enkelte bebuar sin identitet, eigenverdi og sjølvstende
  • legemiddelhandtering
  • dokumentasjon, sakshandsaming, samt laga og evaluera tiltaksplanar 
  • veiledning og opplæring av kollegaer
  • bidra til fagleg utvikling mellom anna ved å arrangere internundervisning. Etter læra-for-å-læra-vidare prinsippet
  • samarbeid med pasient, pårørande, sjukeheimslækjar, og anna tverrfagleg personell
  • nytta velferdsteknologi

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

30.04.2023

Tiltreding:

30.04.2023

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hardangervegen 49 5705 Voss

Kart: