Voss herad

Korttidsavdelinga på Vetleflaten Omsorgssenter

100% fast stilling som sjukepleiar på korttidsavdelinga på Vetleflaten - med bonus

Me er ei dynamisk kollegagruppe i alle aldre, som ynskjer mangfold i avdelinga vår. Er du godt voksen, veldig ung, eller midt imellom er du hjarteleg velkomen hjå oss. Me ynskjer gjerne fleire menn ilag med vår ellers kvinnedominerte avdeling, og lovar kjekke og spanande utfordringar på rekke og rad. Kjenner du at du har god fart, er rask i vendinga, og likar nye utfordringar er det deg me søkjer. Me har eit godt arbeidsmiljø, og støttar kvarandre til å gjere ein god jobb for brukarane av tenestene våre.

Sjukeheimane og heimesjukepleia i Voss herad ynskjer å fylgja med i tida. Difor vil me tilpassa oss framtida si helseteneste, og sikra rett kompetanse på rett plass til rett tid. Helse og omsorg arbeider etter tillitsmodellen med pasienten i fokus og med tenesteutøvarar som kan, vil og tør.

Me tilbyr varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling, stort fleksibilitet og høg kvalitet.

Om arbeidsstaden

Korttidsavdelinga på Vetleflaten har ansvar for 8 plassar + 1 omsorgsrom. Stillinga er 100% i 2-delt turnus med arbeid kvar 3.helg. Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.

 Me tilbyr

  • stillingsprosent etter ynskje
  • rekrutteringstillegg på kr 20-25.000 for 100% stilling som sjukepleiar i turnus
  • eingongsutbetaling på kr 50.000 i 100% stilling for eksterne søkjarar, vilkår er at du står i stillinga i 2 år
  • tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter med arbeid kvar 4.helg

 Me søkjer deg som

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar. 
  • meistrar skriftleg og munnleg norsk 

Studentar er også velkomen til å søkja.

 Arbeidsoppgåver

  • utføra sjukepleiaroppgåver; kartleggingar, behandling, observasjon og pleie
  • bidra til å ivareta den enkelte bebuar sin identitet, eigenverdi og sjølvstende
  • legevisitt
  • legemiddelhandtering
  • dokumentasjon, sakshandsaming, samt laga og evaluera tiltaksplanar 
  • veiledning og opplæring av kollegaer, studentar/elevar.
  • bidra til fagleg utvikling mellom anna ved å arrangere internundervisning. Etter læra-for-å-læra-vidare prinsippet.
  • samarbeid med pasient, pårørande, sjukeheimslækjar, og anna tverrfagleg personell
  • nytta velferdsteknologi

Personlege eigenskapar

  • du er kreativ og engasjert, med evne til å arbeide på nye og innovative måtar  
  • du er fagleg interessert, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, kollegaer og brukarar gode.  
  • du likar å arbeide kunnskapsbasert og sjølvstendig
  • gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv  
  • løysingsorientert og ansvarsbevist med stor evne til gjennomføring  
  • generelt gode datakunnskapar  

Personlege eigenskapar vert lagt vekt på. Tilsetting skjer fortløpande.

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.


Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

22.10.23

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Bodil Tennebekk

tlf: +47 90782576

mob: +47 90782576

Randi Mona Århus Repål

tlf: +47 91553540

mob: +47 91553540

Adresse:

Hardangervegen 49 5705 Voss

Kart: