Voss herad

100% fast stilling som pedagogisk-psykologisk rådgjevar ved PPT

Pedagogisk psykologisk rådgjevar

Det er ledig 100 % fast stilling som pedagogisk-psykologisk rådgjevar ved pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) Voss frå 1.mai 2023.

Om arbeidsstaden

PPT er ei avdeling i barne- og familietenestene i kommunalavdeling oppvekst. Kommunalavdeling oppvekst har ansvar for grunnskular, barnehagar, integrering og vaksenopplæring, barnevern, helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologitenesta og PPT i Voss herad.
PPT Voss dekkjer kommunane Eidfjord, Ulvik og Voss. Tenestestad er Voss. Arbeid i dei andre kommunane må påreknast.
PPT Voss har eit stort og breitt fagmiljø med 8 fagstillingar og merkantile støttefunksjonar. PP- tenesta har kontor i Knutepunktet der me er samlokalisert med fleire andre hjelpetenester.
Rådgjeving, førebygging og tidleg innsats står sentralt i tenesteoppgåvene, i tillegg til ivaretaking av rolla som sakkunnig instans.
Stillingsinnhaldet kan bli endra som følgje av ny organisering.

Arbeidsoppgåvene inneber

  • utgreiing og sakkunnig arbeid
  • rettleiing/rådgjeving til elev, føresette og skule
  • systemretta arbeid
  • deltaking i organisasjons- og kompetanseutvikling
  • tverrfagleg samarbeid

Me søkjer

  • fagleg kompetanse innanfor områda spesialpedagogikk/pedagogikk/psykologi. Den som vert tilsett må ha utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
  • god kjennskap/erfaring til allmennpedagogisk arbeid i skule
  • gode norskspråklege kommunikasjonsferdigheiter både skriftleg og munnleg

Godkjent politiattest må fremleggjast før tiltreding av stillinga.
Utdanning frå utlandet må være godkjent frå NOKUT.
Det er også eit krav om at den som vert tilsett har sertifikat klasse B og har høve til å disponera eigen bil, i tillegg til PPT-kontoret sine bilar.

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

24.03.2023

Tiltreding:

01.05.2023

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Sosialbygget 2.etg. Miltzowgate 2 5700 Voss

Kart: