Voss herad

Sommarjobb på dagavdeling Hagahaugen/Voss sjukeheim

Dagavdeling søkjer miljøarbeidarar/assistentar for sommaren 2023

Om arbeidsstaden

Hagahaugen dagavdeling har eit tilrettelagt aktiviseringstilbod for heimebuande personar med demens, fem dagar per veke. Dagavdelinga har også eit ettermiddagstilbod fire dagar per veke.
Aktivitetstilbudet skal bidra til ein meiningsfull kvardag for den enkelte. Det skal fokuseres på aktivitet, oppleving av meistring og sosialt samvær. Aktivitetane skal stimulera til å vedlikehalda dagleglivets funksjoner hos brukar.

 Arbeidsoppgåver:

  • Interesse for å arbeide med eldre med demens
  • Hente og frakte bruker til og frå dagplass
  • Lage enkle måltid, frukost, kaffimat og servere middag
  • Tilrettelegging og støtte til aktivisering av brukar
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Du er punktleg og til å stole på
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er positiv
  • Du er god på å samarbeide med andre
  • Du er lett å snakka med
  • Du spør når det er noko du lurer på
  • Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar

Informasjon:

  • Du som søkjer må helst vera over 18 år
  • Du får opplæring
  • Arbeidstid 08:00-15:30 eller ettermiddag 11:00-18:30
  • Du må kunne arbeide 4 veker samanhengande i perioden mellom veke 24 og 33
  • Søknaden skal sendast elektronisk til Voss herad


Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. 

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

10.03.2023

Tiltreding:

12.06.2023

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Anne-Mette Turøy

Adresse:

Hagahaugvegen 30 5705 Voss

Kart: