Voss herad

Har du lyst på ein kjekk sommarjobb på Vossestrand Omsorgstun?

Sommarjobb på Vossestrand Omsorgstun

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sommarjobb i eldreomsorga? 

Då har vi jobben for deg! På Vossestrand Omsorgstun er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss i ferien.
Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylgjing av flotte kollegaer på arbeidsplassen.  

Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, elevar, studentar, assistentar er oppmoda om å søkje. 

Søknaden må innehalde opplysningar om:

  • Tidsrommet du kan arbeide i perioden frå juni-august, med hovudvekt på juli.
  • Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 4 veker samanhengande vil verte prioriterte.
  • Oppgje evt. når du ikkje er tilgjengeleg i denne perioden
  • Søkjar må vere 18 år. Om søkjar er 16-18 år kan det takast individuelle vurderingar. 

Tilsetjinga vil skje fortløpande i perioden 

Om avdelinga:

Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum. 
Det er 25 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Det er vekslande mellom langtid og omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning. 
Heimetenesta har omlag 50 brukarar, i eit stort geografisk område. Ein er avhengig av bilsertfikat. 

 Arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktiviteta, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid.
  • All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for bebuar. Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk. Turnusarbeid med helgearbeid.

Me ynskjer:

  • Me ynskjer å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sumar.
    Me søkjer sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
    Me søkjer også deg som kunne tenkja deg å arbeide på natt, eller kombinera turnusarbeid med nattarbeid.
  • Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar.

Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me tilbyr:

  • E-læringskurs og god opplæring.
  • ein spanande, meiningsfull og lærerik sumarjobb.
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
  • varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld og helg. Og eventuelt på natt.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden

Del på:

Referansenummer:

ass

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

03.05.26

Tiltreding:

15.06.26

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Iren Stalheim

tlf: 91809566

Adresse:

Oppheimsvegen 35 5713 Vossestrand

Kart: