Lærar
Lærar innan rockeband 50% stilling, fast
Voss kulturskule har ledig 50% stilling, fast, som lærar innan rockeband frå 01.08.2026. Noko av stillinga er knytt til produsentoppgåver i kulturskulen.
Om arbeidsstaden
Voss kulturskule har om lag 9,5 årsverk fordelt over 20 tilsette. Skuleåret 24/25 har skulen om lag 560 registrerte elevplassar innan musikk,dans,drama og biletkunst. Skulen har base og det aller meste av undervisninga si i Voss kulturhus, og har mange store og mindre produksjonar i løpet av skuleåret. Me nyttar programmet Speedadmin i administrasjon av skulen, og det er ein fordel om søkjarar har erfaring med dette programmet.
Arbeidsoppgåver
- Gruppeundervisning i rockeband
- Planlegge og gjennomføre konsertar
- Delta på møter, felles utviklingsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid med andre tilsette i kulturskulen konsertar, forestillingar og prosjekter i løpet av skuleåret.
- Fungere som produsent for kulturskulen sine produksjonar
Kvalifikasjoner
- Høgare kunstfagleg utdanning med pedagogikk er ønskeleg.
- Erfaring frå kulturskuleundervisning, eller tilsvarande undervisning
- Gode samarbeidsevner og personlighet vert vektlagt
- God IT forståelse
Me tilbyr
- Fine undervisningslokaler i Voss Kulturhus
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å
søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både
når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved
elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert
ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Del på:
Referansenummer:
396602552
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
02.07.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Voss kulturhus 5701 Voss