Sommarvikar/ ringevikar ved avdeling for rus og psykiatri
Sommarvikar/ringevikar
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Avdeling for rus og psykiatri søkjer no etter sommarvikarar/ringevikarar, stillingane er på deltid/ved behov.
Om avdelinga
Avdeling for psykisk helse og rusarbeidhar omsorgsbustadeiningar, Ambulerande team og Oasen dagsenter.
Arbeidsoppgåver:
- Målretta oppfylging av brukar; miljøarbeid, motiveringsarbeid, hjelp til daglege aktivitetar, oppfølging knytt til samarbeidspartnarar, støttesamtaler og medisinhandtering.
Me ynskjer:
- Me treng sommarvikarar som er trygge på seg sjølv og som kan setje grenser. Du må ha erfaring frå arbeid med menneske, ha gode samarbeidsevner, evne til å tenke nye tankar, høggrad av fleksibilitet og gode kommunikasjonsevner. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr:
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Del på:
Referansenummer:
243737863
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
29.06.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.voss.herad.noAdresse:
Uttrågata 16 5700 Voss