Nyhagen dagsenter
Miljørettleiar ved Nyhagen
Vil du bidra til meistring, aktivitet og ekte arbeidsglede?
Då kan dette vera stillinga for deg!
Nyhagen arbeid- og aktivitetssenter tilbyr eit meiningsfylt dagtilbod til personar med ulike funksjonsvariasjoner. No har me flytta til nye, fine lokale på Vetleflaten, og er i full utvikling med å skapa eit endå meir variert og spennande aktivitetstilbod.
Hjå oss får du vera med å forma kvardagen til menneske som treng det, gjennom aktivitet, fellesskap og gode opplevingar.
Me søkjer etter:
- 100 % stilling som miljørettleiar frå 01.09.2026
- Arbeidstid mandag til fredag kl 08.00-15.30
Arbeidsoppgåver:
- Bistå deltakarar i daglege aktivitetar ved dagsenteret
- Delta i tenesteutvikling og tilføre nye aktiviteter etter behov
- Bruke ASK som kommunikasjonsverktøy
- Dokumentere i Aidn journalsystem (opplæring vert gitt)
- Skapa tryggleik, struktur og gode relasjonar
- Vera ein tydeleg rollemodell og støtte for deltakarane
- Samarbeide tett med kollegaer og pårørande
Kvalifikasjonar:
- Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning (Bachelor i helse/sosial, pedagogikk, idrett/fysisk aktivitet m.m)
- Personlege eigenskapar som vert vektlagt:
- Er kreativ og likar å tenkje nytt
- Har engasjement for aktivitet, meistring og brukarmedverknad
- Arbeider sjøvstendig og tek ansvar
- Er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
- Er trygg, strukturert og målretta
- Har vilje til fagleg utvikling og lære nye metodar
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Rekrutteringstillegg for nytilsett vernepleiar kr 16 000,-
- Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Del på:
Referansenummer:
451754492
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
23.06.2026
Tiltreding:
01.09.2026
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Marianne Melve
tlf: +47 97050359
Heimeside:
http://www.voss.herad.noAdresse:
Bjørnshovden 19 5708 Voss