Sæthre legekontor

Ledig næringsdrivande fastlege

Næringsdrivande fastlege

Ein fastlegeheimel knytt til Sæthre legekontor er ledig frå hausten  2026.

Listetak: 1000 pasientar.
Sæthre legekontor består i dag av ein heimel som vert drifta som deleliste.
Legekontoret er i prosess med å utvide med to heimlar, og skal flytte til nybygde lokalar, med tentativ oppstart i oktober -26.  Lokala ligg særs sentralt plassert i Voss sentrum, med god tilgang på parkering, og nærheit til alt Vossevangen har å tilby.
Me gler oss stort til å kunne utvide praksisen med nye kollegaer.

Me kan tilby eit arbeidsmiljø med fokus på trivsel, kvalitet, autonomi, og gode pasientforløp.  Du får høve til å være med frå start i oppbygging av ny praksis, og du vil ha innflytelse på drift, rutinar og fagleg profil.  På fritida har du tilgang til noko av det beste vestlandsnaturen har å tilby, i tillegg til eit rikt lags- og kulturliv. 

Legekontoret nyttar Infodoc i sky som journalsystem. Til heimlar inngår deltaking i interkommunal legevakt.  Me vil kunne tilby rettleiing av legar i spesialisering. 

Heradet har ordning med styrka basistilskot for næringsdrivande fastlegar, det er og tilrettelagt for fri etter nattevakt med kompensasjon etter legeforeininga sine satsar.  Voss herad har dei siste åra fritatt næringsdrivande fastlegar for tilplikting  til kommunal bistilling og daglegevakt. Heimel vil kunne overtakast utan vederlag. Ein er sjølv ansvarleg for møblering / utstyr til eige kontor. Fellesutgifter til drift av kontor (støttepersonell, journalsystem, leige mm.) vert dekka i fellesskap etter nærmare avtale.

Ønsker du informasjon om økonomiske vilkår kan du gjerne ta kontakt med Jacob Ortega Sæthre.

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent LIS1 tjeneste i Norge
  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Den som vert tilsett må ha rett til å motta trygderefusjon
  • Du må gjerne vera spesialist i allmennmedisin, men det er ikkje eit krav.


Me ynskjer deg som:

  • Likar ein hektisk arbeidskvardag
  • Er interessert i allmennmedisin og fagutvikling
  • Både er sjølvstendig og arbeidar godt i tverrfaglege team
  • Har gode evner til samhandling og kommunikasjon
  • Er ansvarleg og løysingsorientert
  • Er fleksibel og utviklingsorientert

Arbeidsoppgåver:

  • Kurativ legeteneste
  • Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
  • Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
  • Deltaking i daglegevaktsordning lokalt for Voss herad i tillegg til vakter ved Voss interkommunale legevakt.

 

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden

 

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

527169146

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

21.06.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sæthre legekontor

Kontaktpersonar:

Eystein Hauge

Stilling: Kommuneoverlege Voss herad

tlf: +47 95261271

Ingunn-Olin Haugen

Stilling: Avdelingsleiar

mob: 94136967

Jacob Ortega Sæthre

Stilling: Leiar ved Sæthre legekontor

tlf: +47 99476152

Adresse:

Gurid Almenningens Plass 1 5704 Vossevangen

Kart: