Voss herad

Vil du vera med å sikre framtidas vatn og avløp på Voss?

VA-ingeniør

Me søkjer ein engasjert og fagleg trygg VA-ingeniør som ønskjer å bidra til ei trygg, berekraftig og framtidsretta kommunal vass- og avløpsteneste. Hos oss blir du del av eit breitt og kompetent fagmiljø med høg aktivitet og varierte arbeidsoppgåver. Stillinga er plassert i driftsavdelinga under kommunalavdeling Tekniske tenester. Avdelinga har om lag 40 tilsette og ansvar for drift og vedlikehald av kommunal infrastruktur (veg, vatn og avløp) i Voss herad.

Arbeidsoppgåver 

  • Planlegging, drift og vidareutvikling av kommunale vass- og avløpsanlegg
  • Sakshandsaming og handsaming av søknader om sanitærabonnement
  • Oppfølging av pålegg, til dømes knytt til separering og lekkasjar
  • Arbeid innan IKMAT
  • Driftsoptimalisering av VA-anlegg
  • Byggeleiing og oppfølging av VVA-prosjekt
  • Deltaking i vaktordning og beredskap ved behov

Kvalifikasjonar

  • VA-ingeniørutdanning eller annan relevant ingeniørutdanning, t.d. innan kommunalteknikk, infrastruktur, bygg, miljø, prosess eller liknande
  • Erfaring frå VA-faget, kommunalteknikk eller teknisk forvaltning er ein fordel
  • Gode datakunnskapar relatert til fagområdet.
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B

Relevant erfaring innan VVA kan kompensere for manglande formell utdanning.

Personlege eigenskapar 

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar, og ønskjer ein kollega som er:

  • Strukturert og systematisk, med god gjennomføringsevne
  • Ansvarsbevisst og påliteleg
  • God på samarbeid og trivst med tverrfagleg arbeid
  • Praktisk, løysingsorientert og kreativ
  • Engasjert i samfunnsoppdraget og berekraftige løysingar

Me tilbyr 

  • Eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver – både ute og inne
  • Ein trygg og stabil arbeidsplass
  • God opplæring i system og programvare
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Fleksitidsordning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn og tilsetjing etter gjeldande kommunalt avtaleverk

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.03.2026

Tiltredelse:

Snarast

Arbeidssted:

Voss herad

Kontaktpersoner:

Jakob Håheim

mob: +47 95262045

Sondre Gjøstein

Stilling: Leiar driftavdelinga

tlf: +47 95490337

Adresse:

Uttrågata 5705 VOSS

Kart: