Voss herad

Sone Vest søkjer etter sjukepleiar

Sjukepleiar i 100% fast stilling

I heimetenesta på område vest treng me fleire dyktige kollegaer ilag med oss. Me er ei dynamisk kollegagruppe i alle aldra som jobbar saman. Me ynskjer mangfald i avdelinga vår, og ser etter akkurat deg. Er du godt voksen, veldig ung, eller midt imellom er du hjarteleg velkomen hjå oss. Me ynskjer gjerne fleire menn ilag med vår ellers kvinnedominerte avdeling, og lovar kjekke og spanande utfordringar.

Om arbeidsstaden

Helse og omsorg arbeider etter tillitsmodellen med pasienten i fokus og med tenesteutøvarar som kan, vil og tør. Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din. Du kan få to-delt eller tredelt turnus, full langvaktsturnus eller ein kombinasjon av desse.

Me tilbyr

  • Rekrutteringstillegg på kr 30.000 for 100% stilling som sjukepleiar i turnus
  • Løn etter gjeldande avtaleverk 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar  
  • Leiarar som er opptekne av myndiggjorte tilsette  
  • Voss herad har eigen kompetanseplan, som skal sikre kontinuerleg kompetansebygging, og nært tverrfagleg samarbeid.
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø med gode utviklings moglegheiter  
  • Eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø der kvar arbeidstakar får store faglege utfordringar  

Kvalifikasjonar

  • Har norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Meistrar skriftleg og munnleg norsk godt
  • Har førarkort klasse B

Arbeidsoppgåver

  • Utføra sjukepleiaroppgåver; kartleggingar, behandling, observasjon og pleie
  • Bidra til å ivareta den enkelte bebuar sin identitet, eigenverdi og sjølvstende
  • Legemiddelhandtering
  • Dokumentasjon, sakshandsaming, samt laga og evaluera tiltaksplanar
  • Veiledning og opplæring av kollegaer.
  • Bidra til fagleg utvikling mellom anna ved å arrangere internundervisning. Etter læra-for-å-læra-vidare prinsippet.
  • Samarbeid med pasient, pårørande, lækjar, og anna tverrfagleg personell
  • Nytta velferdsteknologi

Personleg eigenskapar som vil verta vektlagt

  • Er fagleg trygg
  • Kan jobba strukturert
  • Ta ansvar for tildelte oppgåver og ha god gjennomføringsevne.
  • Er empatisk og opptatt av best mogleg helsehjelp og omsorg for brukarane
  • Kan jobbe både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre
  • Er forberedt på at ulike utfordringar kan oppstå, og bidra til å finne løysingar 

Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evnt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

08.03.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Magnhild Grønningsæter

tlf: 41471006

Adresse:

Sjukehusvegen 15 5704 Voss

Kart: