Brannmannskap på Voss
Ledig vikarstilling 1,88% som brannkonstabel
Voss brannvern har ledig vikarstillingar i 1,88% stilling som brannkonstabel i deltidsmannskapet/utrykkingsstyrken, med moglegheit for fast tilsetjing.
Alle i deltidsmannskapet må:
- vera over 20 år.
- bu og arbeide i Vangsområdet - Skulestadmo - Palmafossen
- ha god helse som stettar krava til røykdykkarteneste og til å føra utrykkingskøyretøy
- ha førarkort klasse B, BE og C, eller for eigen kostnad vere viljug til å ta kl. BE og C seinast 12 månader etter fast tilsetjing
- disponere eigen bil (for vikarar gjeld dette når ein har vakt)
Kandidatar som ikkje har naudsynt opplæring, må seie seg viljug til å ta denne.
Me tilbyr:
- løn og anna godtgjering vert utbetalt etter gjeldande tariffavtale
- tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Før tiltreding må det leggjast fram:
- løyve frå hovedarbeidsgivar, ha løyve frå hovudarbeidsgjevar til å rykkje ut i arbeidstid
- godkjend helseattest for røykdykkarar, bestå brannvernets testar, samt helseattest for kl. C og utrykkingskøyretøy.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Del på:
Referansenummer:
733681439
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
26.03.2026
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Voss herad
Heimeside:
http://www.voss.herad.noAdresse:
Uttrågata 9 5700 Voss