Voss herad

100 % fast stilling som verksemdsleiar for psykisk helse og rusarbeid

Leiar for psykisk helse og rus

Voss herad søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert leiar til verksemda for psykisk helse og rusarbeid. Me ser etter ein person som ønskjer å bidra til tidsretta og heilskaplege tenester for innbyggjarar med psykiske helseutfordringar og/eller rusproblematikk. 

 

Om verksemda 

Avdeling for psykisk helse og rusarbeid har om lag 18 tilsette fordelt på ambulerande team, Oasen aktivitetssenter og Vetleflaten omsorgsbustaderRundt 150 brukarar nyttar seg av tilboda våre. Verksemda er i kontinuerleg utvikling, med særleg fokus på samhandling, førebygging og brukarmedverknad. 

 Me tilbyr 

•  Ei spanande og meiningsfull leiarstilling i ein kommune i utvikling 
•  Eit kompetanseorientert, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø 
•  Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 
•  Gode pensjons- og forsikringsordningar 
•  Løn etter avtale 

 

Kvalifikasjonar 

•  Høgare utdanning innan helsefag 
•  Vidareutdanning eller erfaring innan psykisk helse og/eller rusarbeid er ønskjeleg, men ikkje eit krav 
•  Anna relevant utdanning og erfaring kan òg vere aktuelt 
•  Evne til å skape resultat gjennom samarbeid, involvering og tydeleg leiing 
•  God struktur, gjennomføringsevne og forståing for endringsarbeid 
•  Erfaring frå leiing og utviklingsprosessar er ein fordel 
 
Personlege eigenskapar som evne til å arbeide målretta, skape tillit og bidra til eit godt arbeidsmiljø vil bli vektlagt. 
 

Arbeidsoppgåver 

  • Overordna ansvar for verksemda psykisk helse og rusarbeid 
  • Sikre fagleg kvalitet og utvikling innanfor gitte rammer
  • Arbeide aktivt med tenesteutvikling, førebygging og brukarmedverknad 
  • Ansvar for økonomi, budsjett og ressursstyring 
  • Bidra til god arbeidsflyt og samhandling internt og eksternt 
  • Leggje til rette for heilskaplege og koordinerte tenester med brukaren i sentrum 

 

Søknad 

Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og tilsette som speglar befolkninga. Alle kvalifiserte søkjarar er velkomne til å søkje uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller kulturell bakgrunn. 

Det vert sett opp offentleg søkjarliste etter søknadsfristen. I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om det er bede om unntak. Søkjar vert varsla dersom ønsket om unntak ikkje kan takast til følgje. 

Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar. 

 

 

Del på:

Referansenummer:

856252047

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.03.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Voss Tinghus 5700 Voss

Kart: