Voss herad

Fast stillling

Fagarbeidar og/eller assistent

Fagarbeidar og/eller assistent 
To faste 100 % stillingar i skule og SFO – oppstart etter avtale

Stillingane følgjer skuleåret. Det inneber arbeid i 100 % stilling med lønsreduksjon til 89 % etter SFS 2201 pkt. 3.5.

Om arbeidsstaden
Skulestad skule er ein barneskule om lag 4 km nord for Voss sentrum, med om lag 160 elevar og 35 tilsette. Skulen ligg tett på naturen med gode høve for aktivitet og uteskule.
Me arbeider systematisk med å utvikle eit trygt og inkluderande læringsmiljø som fremjar fagleg og sosial utvikling for alle elevar.
Skulen har ei eiga ASK-avdeling for elevar med behov for særskild tilrettelegging, og har gode resultat i dette arbeidet.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg.
  • Søkjarar med anna relevant utdanning eller dokumentert realkompetanse og erfaring vil òg bli vurderte.
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
  • Har gode norskkunskapar, både munnleg og skriftleg 

Det er ynskjeleg at du 

  • har erfaring frå arbeid  med barn og unga
  • har erfaring frå skule og/eller SFO
  • Tek ansvar og arbeider strukturert
  • Kan handtere ein aktiv og variert arbeidskvardag
  • Er ein tydeleg og trygg vaksen
  • Byggjer gode relasjonar og ser den enkelte elev
  • Har gode samarbeidsevner og trivst med teamarbeid
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp elevar i undervisning, aktivitet og leik
  • Arbeide med faglege og sosiale mål for enkeltelevar eller mindre grupper
  • Bidra til eit trygt og godt skulemiljø i undervisningstid og friminutt
  • Samarbeide med pedagogisk personale om planlagde undervisningsopplegg
  • Hjelpe til med daglege gjeremål, støtte, motivere og rettleie elevar
  • Vere ein omsorgsfull og tydeleg rollemodell

Me tilbyr

  • Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og oppmodar kvalifiserte søkjarar med ulik bakgrunn, erfaring og livssituasjon til å søkje.

Etter søknadsfristen vert det sett opp offentleg søkjarliste i tråd med Offentleglova § 25. Søkjarar vert varsla dersom ynskje om unntak frå offentleggjering ikkje vert teke til følgje.

Vitnemål og attestar skal lastast opp i søknaden.

 

 

Del på:

Referansenummer:

545740381

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

17.03.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Jon Arve Bjordal

tlf: 41127531

Adresse:

Strandavegen 334 5710 Skulestadmo

Kart: