Voss herad

Leiar avdeling MMNF

Avdelingsleiar Udlabu

Eininga MMNF (menneske med nedsett funksjonsevne) søkjer 100 % fast stilling som avdelingsleiar i avdelinga Udlabu. Eininga har 7 avdelingar og eit leiar og fagteam på 7 personar.

Me kan tilby ein spanande jobb i eit herad med eit aktivt og inkluderande miljø. Som avdelingsleiar vil du arbeida tett med eininga si leiargruppe. Det er godt samarbeid mellom leiarane og ein bistår kvarandre ved behov. Eininga har 2 fagrådjevarar som hjelper til å avdelingane. Udlabu har også fagrådgjevar i avdelinga

Om avdelinga:

Udlabu ligg sentralt nær Voss sentrum i nye tilrettelagde lokale. Avdelinga er organisert som omsorgsbustader med tilknytt fellesareal. Ein gir tenester til 14 personar over 18 år. Avdelinga har fokus på aktivitet og ein god og trygg heim. På dagtid er dei som bur på Udlabu i arbeid eller aktivitet

Eininga har 32 tilsette fordelt på 23 årsverk. Det er døgnbemanning i eininga med nattevakt

Arbeidsoppgåver

Leiar har eit særleg ansvar for å realisera eininga sine mål og syta for at avdelinga gir tenestemottakarane eit tenleg tilbod med optimal ressursutnytting

  • leiar har fag, økonomi og personalansvar og rapporterer til verksemdsleiar
  • du må være ein god samarbeidspartnar i leiarguppa og til tilsette på avdelinga
  • du har fokus på brukarsikkerheit, brukardeltaking og pårørandesamarbeid
  • du likar å leia ei aktiv og positiv personal og brukargruppe
  • du har fokus på å finne gode løysingar for eininga

Kvalifikasjonar

  • bachelor i vernepleie og/eller sjukepleie, eller anna relevante høgskuleutdanningar
  • du må kunna nytta dataverktøy
  • førarkort klasse  B
  • fordel med leiarutdanning og/eller leiarerfaring 
  • me ynskjer at du har kjennskap til aktuelt lovverk

Personelege eigenskapar

  • du må ha pågangsmot, vera løysningorientert og fleksibel
  • du er tydeleg og ein god relasjonsbyggjar
  • du må lika endringsarbeid, arbeida i eit aktivt miljø, vera engasjert og inkluderande
  • du er oppteken av smidige løysingar og godt samarbeid med tenestemottakar og kollegaer
  • me legg vekt på at du har evne til nytenkning, er god å planleggja og kan arbeida systematisk og sjølvstendig

Me tilbyr:

  • å leia ei avdeling med stabile og engasjerte tilsette
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • du vil få støtte til faglege oppgåver hjå fagrådgjevar på avdelinga
  • varierte arbeidsoppgåver
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • fadderordning i opplæringsfasen
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • leiarutdanning om ynskjeleg

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje


Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden
Godkjend politattest må framleggas før tiltreding av stillinga

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.02.2026

Tiltreding:

01.05.2026

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Marianne Melve

tlf: 97050359

Adresse:

Voss Tinghus 0000 Voss

Kart: