Vil du vera ferievikar i helsetenestene i Granvin?
Ferievikar ved Granvin Sjukeheim og heimetenesta
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sommarjobb i eldreomsorga?
Då har vi jobben for deg! Ved Granvin Sjukeheim og heimeteneste er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss i ferien.
Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylgjing av flotte kollegaer på arbeidsplassen.
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, kokk, elevar, studentar, assistentar er oppmoda om å søkje.
Søknaden må innehalde opplysningar om:
Tidsrommet du kan arbeide i perioden frå juni-august, med hovudvekt på juli.
Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 4 veker samanhengande vil verte prioriterte.
Oppgje evt. når du ikkje er tilgjengeleg i denne perioden
Søkjar må vere 18 år. Om søkjar er 16-18 år kan det takast individuelle vurderingar.
Om avdelinga:
Granvin Sjukeheim og heimetenesta er samlokalisert på Eide i Granvin, ca 3mil frå Voss Sentrum. Det er kort veg til både sjø og fjell.
Det er 12 bebuarar i institusjon. Det er vekslande mellom langtid, korttid, vekselpleie, avslastning. 20 omsorgsbustadar er tilknytt sjukeheimen.
- Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktiviteta, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid.
- All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for bebuar. Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk. Turnusarbeid med helgearbeid.
Me ynskjer:
- Me ynskjer å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sommar.
Me søkjer sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
Me søkjer også deg som kunne tenkja deg å arbeide på natt, eller kombinera turnusarbeid med nattarbeid. - Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar.
- Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr:
- Me tilbyr
- E-læringskurs og god opplæring.
- Ein spennande, meiningsfull og lærerik sommarjobb.
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
- Varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld og helg. Og eventuelt på natt.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
31.03.2023
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Voss herad
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Eidesvegen 24 5736 Granvin