Granvin barne- og ungdomsskule søkjer deg
Fagarbeidar
Granvin barne- og ungdomsskule ligg i hjartet av bygda Granvin inst i Granvinsfjorden, 20 min køyring frå Voss. Skulen har kring 120 elevar frå 1. til 10. klasse. På SFO er det kring 40 born frå hausten 2025. Skulen er godt vedlikehalde med gode og oppgraderte spesialrom og eit stort og variert uteområde. Me har eit særs godt elevmiljø og eit godt arbeidsmiljø med høg trivsel. Satsingsområdet vårt er meir leik i undervisninga, uteskule og praktisk undervisning i det utvida klasserommet.
Om stillinga
Granvin barne- og ungdomsskule søkjer fagarbeidar/assistent i 80% stilling frå snarast og ut skuleåret 31.07.2026.
Arbeidsoppgåver
- følgja opp enkeltelevar på skulen, med leksehjelp og noko på SFO.
- Du vil jobba tett i lag med kontaktlærarar og andre tilsette ved skulen.
- Stillinga føl skuleåret, det vil seia at du har "fri som skulen". Stillingsstorleik 80 % med reduksjon for stilling som fylgjer skuleåret til 72% i løn etter SFS 2201 pkt. 3.5.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefag
- Personlege eigenskapar og erfaring frå liknande arbeid med gode referansar kan vega opp formanglande fagbrev
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- stillingsstorleik (80 %) med reduksjon for stilling som fylgjer skuleåret til (72 %) i løn etter SFS 2201 pkt. 3.5.
Me ynskjer:
- At du tek ansvar, er strukturert og kan handtere ein hektisk arbeidskvardag. Er engasjert og positiv.
- At du er tydleg overfor borna, samt ein god rollemodell som bygger gode relasjonar, lyttar og ser deira behov.
- At du du bidreg til godt arbeidsmiljø.
- At du er god på relasjonskompetanse. Det er viktig med gode samarbeidsevner og god kompetanse på tilrettelegging for elevar eller grupper med behov for ekstra støtte.
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
15.12.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://voss.herad.no/Adresse:
Hardangervegen 2543 5736 Granvin