Voss herad

Ynskjer du å arbeida som fagarbeidar?

Fagarbeidar

Vossestrand barne- og ungdomsskule har ledig 100 % fast stilling som  fagarbeider med tilsetjing snarast. Stillinga føl skuleåret, det vil seia at du har "fri som skulen". Stillingsstorleik 100 % % med reduksjon for stilling som fylgjer skuleåret til 89%  i løn etter SFS 2201 pkt. 3.5. 

Om arbeidsstaden

Vossestrand barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, som ligg på Sundve, omlag 20 kilometer nordaust for Voss sentrum. Skulen har eit flott uteområde som er tilrettelagt for leik og aktivitet.
Skulen arbeider heile tida med kvalitetsutvikling for å kunne gje elevane våre eit godt læringsmiljø både fagleg og sosialt.
Vossestrand skule tilbyr leksetid til elevar i 5.-10. trinn

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, anna relevant kompetanse eller erfaring kan kompensere for dette.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Me ynskjer

  • At du tek ansvar, er strukturert og kan handtere ein hektisk arbeidskvardag. Er engasjert og positiv.
  • At du er tydleg overfor elevane, samt ein god rollemodell som bygger gode relasjonar, lyttar og ser deira behov.
  • At du du bidreg til godt arbeidsmiljø.
  • At du er god på relasjonskompetanse. Det er viktig med gode samarbeidsevner og god kompetanse på tilrettelegging for elevar eller grupper med behov for ekstra støtte.

 Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil i størst grad vera knytt opp til skule og SFO, med oppfylging av borna i undervisning, aktivitet og leik.
  • Vere med på å oppretthalde og utvikle eit trygt og godt skulemiljø, både i undervisningstid og i friminutta
  • Samarbeide med pedagogisk personale og andre fagarbeidarar/ miljørettleiarar om undervisningsopplegg som skulen og lærarar har utarbeidd for elevane
  • Hjelpe til med daglege gjeremål, oppmuntre, snakke med, rettleie, støtte og motivere elevane
  • Vere ein omsorgsfull rollemodell

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

 Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
 
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.01.2026

Tiltreding:

Fortløpande

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Kari Dymbe Dregelid

tlf: 91554845

Adresse:

Voss tinghus 5736 Vossestrand

Kart: