Voss herad

Bli privat avlastar

Ein meiningsfull jobb som privat avlastar

Om avdelinga:

Avdeling for menneske med nedsatt funksjonsevne har ulike tenester til barn og unge og deira familiar.
Ynskjer du ein meiningsfull jobb, der du bidrar til god livskvalitet for andre? Då kan privat avlastning vera jobben for deg
Me søkjer etter engasjerte og aktive avlastarar til barn og unge. Avlastning føregår alt frå nokre timar til døgn. Stillinga er på oppdrag, og er vedtaksbasert. Avlastning er ei teneste for familiar med særskilt tyngjande omsorgsoppgåver. Mål med tenesta er å gi foreldre moglegheit til eit avbrekk i omsorgsrolla og gi dei moglegheit til fritid. I tillegg er målet å gi barnet/ungdommen trygge og gode opplevingar.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver vil vera å bistå familie med barnepass og husarbeid. Som avlastar vil du koma tett på barnet og familien, så god kommunikasjon er viktig. Som avlastar er du med å skape ein stabil og forutsigbar kvardag. Me søkjer deg som er omsorgsfull og ein trygg vaksen. Høyres dette interresant ut og du har lyst på meir informasjon kan du ta kontakt for ein uforpliktande samtale, tlf. 97050363.

  • Det krevs inga formell utdanning, men egnetheit vert vektlagt
  • Du må ha fylt 18 år
  • Ved tilsetting må du framvisa godkjent politiattest 

Eigenskapar som me ynskjer:

  • Reinhaldskunnskaper 
  • Du må vera oppriktig interresert i oppdraget og ha tid til arbeidet
  • Du må ha evne til å skapa tillit, openheit og bidra til eit godt samarbeid
  • Personlege eigenskapar, kjennskap og kunnskap til brukargruppa vert vektlagt

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Løn etter KS sine satsar

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

21.12.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss Herad

Kontaktpersonar:

May Elisabeth Bolstad

mob: 97050363

Adresse:

Ringheimsvegen 212 5710 Skulestadmo

Kart: