Voss herad

Faste helgestillingar

Fagarbeider/Assistent

Om arbeidsstaden


Hagahaugen rehabilitering er ein døgnbemanna avdeling der ein jobbar tett i tverrfagleg team. På Hagahaugen finn du fysio/ergo avdeling, dagavdeling, friskliv og meistring samt døgnbemanna rehabiliteringsavdeling. Utlysinga gjeld for rehabiliteringsavdelinga. Det tverrfaglege rehabiliteringsteamet fokuserer på : "Kva er viktig for deg?" Me vektlegg at pasient når måla sine. Tillitsmodellen ligg til grunn for pasientarbeidet vårt. Me arbeidar etter årsturnus som sikrar forutsigbarheit for den tilsette. Våre verdiar er: påliteleg, inkluderande, profesjonell og skapande
Stillinga er to-delt, me har eigen nattevaktsordning.

Arbeidsoppgåver

• pleie og omsorg til våre brukarar
• rehabiliterande tankesett
• tverrfagleg samarbeid
• medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
• dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar og rapportsystem, me nyttar Gerica som journalsystem.
• utføre tenester etter etiske retningslinjer, aktuelt lovverk og heradets regelverk
• arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for den einskilde i kvardagen
• arbeid med velferdsteknologi


Me søkjer
• deg som ynskjer å påverke tenestene og utgjere ein forskjell for brukarane
• du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse og inneha gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
• oppgåver etter kompetanse og autorisasjon
• du trivst med å arbeida både på eigehand og i team
• du har "stå på vilje", engasjement, ansvarsbevisst og eit ynskje om å hjelpe andre
• du må vera fleksibel
• Det er ynskjeleg med erfaring innan rehabilitering, men ikkje noko krav.
Det er krav om politiattest ved tilsetjing.
Ved intern tilsetjing kan anna fast stillingsprosent verte aktuelt.


Me tilbyr
• Stillingsbrøk: 2 stillingar på 14% og 1 stilling på 21.68%
• gode vilkår for fagleg utvikling
• eit godt tverrfagleg samarbeid og sosialt miljø
• gode forsikrings- og pensjonsordningar
• løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Velkommen til å søkje stillinga – vi ser fram til å få deg på laget.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

08.10.2023

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hagahaugvegen 30 5705 Voss

Kart: