Voss herad

Redaktør

Redaktør bygdebok

Voss bygdeboknemnd vart oppretta i 1962 og har gjeve ut fleire gards- og ættesoger i tillegg til å vera medansvarleg for det årlege utgjevinga av Gamalt frå Voss. Bygdeboknemnda står ansvarleg for utgivinga av Vossaboka som er ei fullstendig Gards- og ættesoge frå 1930 og fram til i dag. Det er skrive fire band, og mykje av arbeidet med band 5 er gjort. Det skal skrivast til saman sju band i tillegg til boka om Vangen.

Bygdeboknemnda søkjer no ny redaktør for utgjeving av band 5-7. Boka om Vangen er ikkje planlagt for i denne omgangen. 

Arbeidsoppgåver

  • Redaktøren står ansvarleg for innsamling av materiale, systematisering, skriving av Vossaboka band 5-7 og kontakt med trykkeri.  
  • Redaktør skal levera frå seg eit manus etter same mal som band 1-5 

Me tilbyr:

  • 100 % mellombels stilling i inntil 2,5 år i Voss herad
  • Redaktøren vert tilsett i Voss herad, men skal rapportera fagleg til Voss bygdeboknemnd.
  • Løn etter avtale

 

Kvalifikasjonar 

  • Formell utdanning innanfor fagfeltet. Anna utdanning kan bli vurdert dersom vedkomande kan dokumentere realkompetanse innan fagfeltet
  • Redaktør bør ha dokumentert erfaring med tilsvarande arbeid
  • Redaktør bør ha sertifikat
  • God kunnskap i bruk av IT-verktøy  er ein fordel i arbeidet
  • Det er ynskjeleg med god lokalkunnskap og evne til å driva oppsøkjande arbeid

Anna

  • Lengda til tilsettinga er avhengig av finansiering
  • Redaktøren er tilsett i Voss herad men rapporterer til Voss Bygdeboknemnd

Kontakt:

  • Faglege spørsmål Audhild Rygg, leiar bygdeboknemnda tlf 952 28 643
  • Andre spørsmål om stillinga Trude Letnes kommunalsjef kultur og fritid, tlf 41679533

For meir opplysningar sjå  Voss Bygdeboknemnd - Voss herad

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.05.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Trude Hoflandsdal Letnes

Stilling: Kommunalsjef kultur og fritid

tlf: 416 79 533

mob: 416 79 533

Adresse:

Voss Tinghus 5700 Voss

Kart: