Voss herad

Kan du tenkja deg å bli vår nye leiar?

Tueteigen barnehage søkjar styrar

Det er ledig 100 % fast stilling som styrar ved Tueteigen barnehage frå 1.8.2025. Me søkjer ein dyktig leiar som er motivert for stillinga og har visjonar om leiing av ein god barnehage, og har evne til å  inspirera og arbeida målretta og systematisk. Styrar må stå fram som ein tydeleg leiar og vera god til å samarbeida mot felles mål. Du må vera fleksibel, ha godt  humør og trivast i ein travel kvardag med varierte oppgåver.

Om arbeidsstaden

Tueteiegen barnehage er ein 3-avdelingsbarnehage i Granvin, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. I barnehgae er ein oppteken av å gje borna eit godt omsorgs – og læringsmiljø prega av leik og gode relasjonar. Ny barnehage i Granvin er under bygging og skal stå klar til vår/sommaren 2026. Voss herad har gjennom heilskapleg utviklingsarbeid, "Den gode barnehagen", fokus på utvikling og læring hjå borna, høg trivnad og barnehagebasert kompetanseutvikling. Alle barnehagar i heradet arbeider med å skapa ein godt og trygt barnehagemiljø for alle born.

Voss herad tilbyr

  • Årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
  • God ordning for etter- og vidareutdanning
  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaringar med kvarandre
  • Gode kollega og eit positivt miljø
  • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • Eit godt tverrfagleg samarbeid, internt og mellom styrarane i kommunen
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Styrar har 10 leiardagar. 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Arbeidsoppgåver

  • Styrar har ansvar for at barnehagen blir driven i samsvar med lov og regelverk
  • Styrar har ansvaret for pedagogisk-, personal- og administrativ leiing av barnehagen
  • Forvalte barnehagen sine totale ressursar på ein god måte innan dei økonomiske rammer barnehagen er tildelt
  • Leie og motivere til samarbeid og aktivt bidra til eit godt utviklings-, lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • Sikra eit godt barnehage-heim samarbeid og møte føresette med høge forventningar til barnehagen på ein positiv og
  • konstruktiv måte
  • Styrar rapporterer til leiar for barnehagar

Me har nært samarbeid mellom leiarane innan kommunalavdelinga og administrasjonen, m.a. gjennom faste leiarmøte, og tverrfagleg mellom leiarane. Me kan lova ei spennande og utfordrande stilling som gir rom for fagleg og personleg utvikling.

Kvalifikasjonar:

  • utdanning som barnehagelærar eller annen høgskoleutdanning som gir barnefaglig og pedagogisk kompetanse.

Ynskjeleg at du har

  • Styrarutdanning
  • Erfaring som leiar

 Personlege eigenskapar:

  • Du er ein tydeleg og synleg leiar som engasjerer, motiverer og inspirerer til felles innsats
  • Du er analytisk og jobbar kunnskapsbasert i utvikling av barnehagen
  • Du er modig og handlekraftig, målretta og systematisk
  • Kommunikasjonsevne, samarbeidsevne og evne til å bygge gode relasjonar til barn, foreldre og tilsette, blir vektlagt
  • Du er fleksibel, har godt humør og trivast i ein travel kvardag med varierte oppgåver

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Menn vert oppmoda om å søkja.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Hugs å gje opp referansar

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

28.05.2025

Tiltredelse:

01.08.2025

Arbeidssted:

Voss herad

Kontaktpersoner:

Frøydis Solbakk

tlf: 45292855

Adresse:

Voss tinghus 5700 Voss

Kart: