
To populære avdelingar søkjer deg som nattevakt
Nattevaktsstilling ved Villa Gjerdebu og Lundhaugen omsorgsbustad
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.
Lundhaugen omsorgsbustad og Villa Gjerdebu avlastning har behov for nattevakts vikar.
Det er ein del ledige vakter både kvardagar og helg på begge arbeidsplassane.
Om avdelinga:
Lundhaugen: Det bur 12 mennesker i Lundhaugen med nedsett funksjonsevne som har behov for tenester. Alle bur i eigne leiligheiter med tilgang til fellesrom og det er døgnbemanna.
Villa Gjerdebu: Stillinga er i avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne for tida ved Villa Gjerdebu som er ein avlastningsheim
for born og unge med nedsett funksjonsevne.
På Villa Gjerdebu er det 20 brukarar, derav 2 fastbuande.
Arbeidsoppgåver:
- Målretta miljøarbeid
- Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for brukar på alle områder, og skal gje tryggleik og struktur.
- Me legg vekt på brukardeltaking.
- Arbeidsoppgåvene varierer frå å bistå brukar ved behov på natt, stell og pleie, rettleiing,
- motiveringsarbeid og medikamenthandtering.
- I tillegg skal det utførast praktiske oppgåver.
Alle brukarane har tiltaksplanar og dokumentasjon skal gjerast i fagprogrammet Gerica.
Du må kunna nytta dataverktøy.
Verdiane våre er: Profesjonell - Påliteleg - Skapande - Inkluderande
Vikar: Tilkallingsvikar
Kvalifikasjonar:
Det er ein fordel med erfaring og kjennskap til omsorgsarbeid og brukargruppa.
Kunne prata og skriva godt norsk.
Gode samarbeids- og kommunkasjonsevne.
Du må kunne byggja og vedlikehalda gode relasjoner.
Vera ein trygg vaksen både for brukar og pårørande.
Pliktoppfyllande og ansvarsfull.
Kunne arbeida sjølvstendig og i team.
Ha interesse for å jobba med mennesker med ulike utfordringar.
Setja brukar sitt behov i fokus.
Er kreativ og løysningsorientert.
Har evne til å skapa åpenheit, tillit og tryggheit.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Me ynskjer:
Assistent/fagarbeidar/høgskuleutdanna
Me tilbyr:
gode vilkår for fagleg utvikling
eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
yrkesskade- og gruppelivsforsikring
gode pensjonsordningar
løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Natt
Søknadsfrist:
01.10.2023
Tiltreding:
Snarast råd
Arbeidsstad:
Voss Herad, for tida ved Villa Gjerdebu og Lundhaugen fellesbustad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Ringheimsvegen 212 5710 Skulestadmo