Voss herad

2 100 % faste stillingar som konsulent i innbyggjarservice

To konsulentstillingar

Om avdelinga: 

Stabsavdeling innbyggjarservice er ein del av rådmannen sin stab. Målet vårt er å ha kjekke dagar der me opplever både meistring og utvikling. Stabsavdelinga har faste opningstider, og mange oppgåver som må løysast kvar dag for at organisasjonen skal fungera mest mogleg effektivt, og for at innbyggjarane skal få gode tenester.

Me har ansvar for ei rekkje ulike oppgåver:

  • servicetorg og sentralbord
  • postmottak og registrering
  • journalføring, arkiv og innsyn
  • parkeringsløyve og torgutleige
  • kommunikasjon, nettsider og elektroniske skjema
  • politisk sekretariat
  • gjennomføring av både stortingsval og kommune- og fylkestingsval
  • formidling av startlån og tilskot til bustad
  • personvern og informasjonssikkerheit
  • kommunal vigsel
  • TV-aksjonen 

Arbeidsoppgåver:

Som tilsett skal du ikkje jobba med alle desse oppgåvene. Stillingane som no er ledige er tenkt til litt ulike oppgåver. Dei som vert tilsett må likevel pårekna å ta del i mange av dei daglege oppgåvene til avdelinga. 

Stilling 1:

  • saksbehandling og ansvar for formidling av startlån/tilskot og parkeringsløyve for forflytningshemma.
  • arbeidet med startlån inneber stor grad av publikumskontakt og samarbeid med både interne avdelingar i heradet og eksterne verksemder.
  • i arbeidet med parkeringsløyve inngår og sekretærfunksjon for ei tildelingsnemnd.
  • i tillegg inngår stillinga i rullering på servicetorg og sentralbord med oppgåver knytt til dette.

Stilling 2:

  • hovudsakleg oppgåver knytt til servicetorg og sentralbord
  • i tillegg vil det liggja oppgåver knytt til drift og utvikling av nettside og andre kommunikasjonskanalar og arbeid med TV-aksjonen

I begge stillingane inngår det registrering av inngåande post/e-post. Det må også påreknast å bidra i andre oppgåver som ligg til avdelinga

Kvalifikasjonar:

  • Me ynskjer at du har utdanning på bachelornivå innan relevante fag. Lang og relevant erfaring kan kompensera for dette, og gjera at lågare utdanningsgrad vert vurdert. Personlege eigenskaper vil verta vektlagt.
  • For stilling 1 er det ynskje om utdanning innan økonomi, eller dokumentert erfaring frå arbeid som gir forståing for økonomi.
  • For stilling 2 er det ynskjeleg med utdanning og erfaring innan kommunikasjon eller servicefag.

Me ynskjer:

  • Me leitar etter deg som er strukturert, nøyaktig og systematisk.
  • Du må også vera fleksibel og ikkje vera redd for å prøva nye ting.
  • Me er Voss herad sitt ansikt ut mot innbyggjarane, så du må lika folk og vere serviceinnstilt.
  • Du kjem langt med å vera blid og løysingsorientert.
  • Det er godt arbeidsmiøljø i stabsavdelinga, og dei som vert tilsett må vera budd på å bidra til å oppretthalda og utvikla det gode arbeidsmiljøet vårt.

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.03.2023

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Voss Tinghus 5700 Voss

Kart: