Voss herad Barnehage

100 % fast leiarstilling i vossabarnehagen

Styrar

Det er ledig 100 % fast leiarstilling i Vossabarnehagen med f.t tenestestad Gjernes barnehage.

Tidsrom: 
Det er ynskjeleg med snarleg tiltreding i stillinga.

Om arbeidstaden:

Gjernes barnehage er ein to-avelings barnehage som ligg 2 kilometer frå Voss sentrum. I Gjeres barnehage er ein oppteken av å skapa gode dagar for borna. Gjernes barnehage har eit fint uteområde og natur i nærleiken som er arena for læring og gode opplevingar for borna i barnehagen.

Arbeidsoppgåver:

  • Styrar har ansvar for at barnehagen blir driven i samsvar med lov og regelverk
  • Styrar har ansvaret for pedagogisk-, personal- og administrativ leiing av barnehagen
  • Forvalte barnehagen sine totale ressurser på ein god måte innan dei økonomiske rammer barnehagen er tildelt
  • Leie og motivere til samarbeid og aktivt bidra til eit godt utviklings-, lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • Sikra eit godt barnehage-heim samarbeid og møte føresette med høge forventningar til barnehagen på ein positiv og konstruktiv måte
  • Styrar rapporterer til leiar for barnehagar

I Voss herad har me eit nært samarbeid mellom leiarane innan kommunalavdelinga og administrasjonen, m.a. gjennom faste fagmøte, leiarmøte, og tverrfagleg mellom leiarane.
Me kan lova spanande og utfordrande stillingar som gir rom for fagleg og personleg utvikling.

Kvalifikasjonar:

  •  Kompetansekrav: Barnehagelærar eller anna relevant høgskuleutdanning.
  •  Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me Søkjer:

  • Me søkjer ein dyktig leiar som er motivert for stillinga og har visjonar om leiing av ein god  barnehage, og har evne til å inspirera og arbeida målretta og systematis 
  • Styrar må stå fram som ein tydeleg leiar og vera god til å samarbeida mot felles mål. Du må vera fleksibel, ha godt humør og trivast i ein travel kvardag med varierte oppgåver. Det er ønskeleg at ein ha erfaring frå barnehagefeltet 
  • Du er ein tydeleg og synleg leiar som engasjerer, motiverer og inspirerer til felles innsats
  • Du er analytisk og jobbar kunnskapsbasert i utvikling av barnehagen
  • Du er modig og handlekraftig, målretta og systematisk
  • Kommunikasjonsevne, samarbeidsevne og evne til å bygge gode relasjonar til barn, foreldre og tilsette, blir vektlagt
  • Du er fleksibel, har godt humør og trivast i ein travel kvardag med varierte oppgåver

Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 

 Menn vert oppmoda om å søkja-

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

 

 

 

 

 

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

03.04.2023

Tiltreding:

15.05.2023

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Voss tinghus 5700 Voss

Kart: