Voss herad

40% vikariat som fysioterapeut, avtaleheimel Voss herad

Fysioterapeut

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om avtaleheimelen:

Voss herad har ledig 40% vikariat i avtaleheimel lokalisert ved Granvin Fysikalske Institutt. Pasientgruppa er variert både i alder og problemstillingar. Avtaleheimelen er ledig frå 1.07.23 - 31.12.24. Heimelen er knytt til ein opptrappingsavtale i 100% heimel, der nedtrappande fysioterapeut har 60% av heimelen og opptrappande 40% av heimelen. Vikaren går inn for opptrappande fysioterapeut. 

Om arbeidsstaden 

Vikaren skal dele lokale med nedtrappande fysioterapeut og fordeler opningstider seg imellom. Ved ynskje om pasientbehandling utanom opningstidene, kan ein lage ein eigen avtale på dette.  

Opningstidene på instituttet er:  

  • Måndag 07.00 - 21.00 
  • Onsdag 07.00 - 21.00  
  • Fredag 07.00 - 19.30 

Granvin Fysikalske Institutt har store, romslege lokale fordelt over to plan. I fyrste etasje er det trinnfri adkomst inn til stor treningsal med treningsapparat, Red Cord og Medisinsk Treningsterapi. Instituttet har eit terapibasseng som kan brukast til gruppetrening, individuell behandling og eigentrening. I andre etasje ligg venterom og behandlingsrom, tilrettelagt for undersøking, samtalar og individuell behandling på benk og slynge.  

Arbeidsoppgåvene inneber

  • drifte eit aktivt fysioterapitilbod til kommunens bebuarar. 
  • allmenn fysioterapi 
  • utøve pasientbehandling på institutt og om nødvendig i heimen. 
  • aktiv tilnærming til brukarane 
  • gruppetrening i treningssal og i basseng etter behov. 
  • vidareføring av eksisterande gruppebehandling for til dømes Parkinson, fallførebygging, hjarte-lungerehabilitering, artrose, styrke og balansegrupper.  
  • heilskapleg tilnærming i møte med brukarar 
  • rettleiing til eigenmeistring og fysisk aktivitet 
  • tett samarbeid med spesialisthelsetenesta og resten av kommunehelsetenesta 
  • praksis skal utøvast i nært samarbeid med fysioterapeutar ved instituttet og i kommunen, ut frå gjeldande målgruppe,  behandlingstilbod og ventelister. 
  • praksis skal drivast i samsvar med Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. og annan relevant helselovgiving, og på de vilkår som fremjar av ASA 4313, slik den til en kvar tid lyder. 

Kvalifikasjonar 

Utdanning

  • krav om norsk autorisasjon som fysioterapeut 

Fagleg kompetanse/erfaring 

  • ynskje om brei fagleg kompetanse innan allmenn fysioterapi og aktiv rehabilitering 
  • evne til, eller erfaring ved fysioterapi ved privat praksis 
  • kunne utføre dei arbeidsoppgåver som nemnt over og jobbe kontinuerleg med å auke sin faglege kompetanse gjennom å  
  • halde seg fagleg oppdatert. 
  • det er ynskjeleg med erfaring med aktiv og gruppebasert rehabilitering og behandling innan nevrologi, ortopedi og geriatri. 
  • det er ynskjeleg med erfaring frå idrettsskadar, livstilsendringar og samansette plager.  

Personlege eigenskapar 

  • brukarorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil 
  • har evne til å arbeide sjølvstendig, med fokus på godt samarbeid og kommunikasjon. 
  • interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid 
  • gode norskkunnskapar og god samfunnskunnskap/-forståing 
  • personlege eigenskapar vil verta vektlagt med stor tyding ved tildeling av avtaleheimel.  

 

Avgjerslene i ASA 4313 er til ein kvar tid gjeldande. 

Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.03.2023

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

John Fredrik Sletner

tlf: 47718988

Adresse:

Hagahaugvegen 30 5705 Voss

Kart: