Voss herad

Eitt års vikariat som sakshandsamar i kommunalavdeling oppvekst

Vikariat sakshandsamar

Me har ledig 1 års vikariat frå med moglegheit til forlenging i kommunalavdeling oppvekst i Voss herad 

Om arbeidsstaden

Kommunalavdeling oppvekst har ansvar for  grunnskular, barnehagar, Integrering og vaksenopplæring, Barnevern, Helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologitenesta og PPT i Voss herad.
I staben er det i dag 9 tilsette samt kommunalsjef. Me har kontorplassar i ope landskap i Tinghuset. 

Tidsrom:  

  • 1 års vikariat frå snarast, med mogleg forlenging

Arbeidsoppgåver:

  • bidra aktivt til at me får utvikla betre tenester
  • utarbeiding og etablering av gode rutinar
  • sakshandsaming knytt til barnehage, skule, barne- og familietenester
  • involvering og utarbeiding av strategiske planar innan oppvekst
  • støtte og bistand til kommunalsjef, leiarar for tenesteområda og leiarane av einingane i oppvekst
  • internkontroll og risikoanalyse

Kvalifikasjonar:

  • relevant høgare utdanning på bachelornivå, gjerne med fag som er relevante for oppvekst
  • rett erfaring kan erstatta utdanningskrav
  • juridisk kompetanse er ynskjeleg, men ikkje eit krav
  • god digital kompetanse
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Me ynskjer at:

  • du er opptatt av kvalitet i arbeidet
  • du evner til å jobba sjølvstendig og samstundes vera ein god lagspelar
  • du er løysings- og relasjonsorientert
  • du er engasjert, initiativrik og kan ta ansvar
  • du har erfaring frå sakshandsaming eller tverrfagleg samarbeid
  • du har høg etisk standard

 

Me tilbyr:

  • interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
  • gode utviklingsmoglegheiter, både fagleg og personleg
  • høve til å påverka eigen arbeidskvardag
  • fleksibel arbeidstid
  • eit spanande fagmiljø med dyktige kollegaer
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk

 Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

23.03.2023

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Frode Monsen

tlf: +47 41122432

Adresse:

Voss tinghus 5700 Voss

Kart: