Vikar ergoterapeut
Vikar ergoterapeut 3 mnd Voss herad
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Om stillinga:
Voss herad har ledig eit vikariat som ergoterapeut i ergo/fysioterapiavdelinga med moglegheit om forlenging etter behov frå tenesta. Vikariatet er ledig frå 01.05.23 – 31.07.23. Du vil jobba som kommunal ergoterapeut, og dekkjer inn der me treng det mest. Aktuelle område kan vera kvardagsrehabilitering, rehabilitering på institusjon , heimebesøk, hjelpemidelformidling osv. Du vil jobbe inne på avdeling og heime hjå brukar.
Om avdelinga:
Ergo/fysioterapiavdelinga ligg på Hagahaugen i lyse trivelege omgjevnader. Ergo/fysioterapiavdelinga har tilsett 11 fysioterapeutar og 6 ergoterapeutar. Voss herad har ein rehabiliterande tankegang. Det er alltid viktig å kunne sjå ressursane til brukar for å forebygge kompenserande tenester. Din evne som ergoterapeut til å sjå desse ressursane til brukar og evne for å tilretteleggja for at brukar skal kunne klare sjølv er avgjerande for at me skal lukkast.
Arbeidsoppgåver
Som ergoterapeut i heradet vil du jobbe i brukar sin eigen heim, men òg tett opp mot institusjonane. Ergoterapeutane er med å drifte kvardagsrehabilitering saman med fysioterapeut og jobbar tett med heimetenesta om ulike brukarar.
Elles er det fylgjande arbeidsoppgåver:
- Vera ergoterapeut for innleggjande pasientar på institusjonar og jobbe tverrfagleg og tett med andre fagpersonar for å gje brukare eit best mogleg utgangspunkt til å kunne nytte eigne ressursar og vera mest mogleg sjølvstendig i eige liv.
- Gjennomføre heimebesøk for kartlegging og vurdering av bruker og brukar sin bustad, samt søke på aktuelle hjelpemiddel ved behov.
- Gjennomføre ADL vurderingar av brukarar i heimen deira og brukarar på institusjon.
- Gjennomføre ulike testar av brukarar til dømes MMSE og COPM
- Vurdering av brukarar sine ressursar før tildeling av tenester
- Gjennomføre ADL øvingar for at brukar skal kunne meistre daglege gjeremål.
- Undervisning av helsepersonell til dømes på fagdagar og internundervisning.
- Bidra aktivt i endringsprosessar og medverke til utvikling av tenesta
- Samarbeide med relevante eksterne samarbeidspartnarar
- Jobbe med kunnskapsbasert praksis.
- Vera delaktig i og drifte eit aktivt og velfungerande ergoterapitilbod i heradet.
- Praksis skal utøvast i nært samarbeid med dei andre ergoterapeutane, og anna helsepersonell i heradet, ut frå gjeldande målgruppe, behandlingstilbod og ventelister
- Endring i ergoterapioppgåver må kunne påreknast etter prioritering og endring av tenestetilbod.
Tidsrom: Etter avtale
Kvalifikasjonar:
- Godkjent ergoterapeut med autorisasjon jfr. helsepersonellova
- Det er ynskjeleg med brei fagleg kompetanse
- Det er ynskjeleg med erfaring som ergoterapeut knytt mot rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
- Det er ynskjeleg med erfaring som ergoterapeut frå kommunehelsetenesta, og/eller rehabiliteringsinstitusjonar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Sterkt ynskje om førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Ein fleksibel og lojal terapeut ovanfor kollega, brukar og arbeidsgjevar
- Evner å arbeide sjølvstendig og i team
- God evne til samarbeid og kommunikasjon
- Brukarorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil.
- Er ansvarsbevisst og strukturert
- Har interesse for å utvikle ein kunnskapsbasert ergoterapiteneste i tråd med gjeldande lovverk, reformar, planar og utfordringar i heradets helseteneste
- Personleg eigenskapar vil tilleggas avgjerande vekt.
Me tilbyr:
gode vilkår for fagleg utvikling
eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
yrkesskade- og gruppelivsforsikring
gode pensjonsordningar
løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
20.03.2023
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
John Fredrik Sletner
tlf: 47718988
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Hagahaugvegen 30 5705 Voss