Voss herad

Privat avlastning

Privat avlastar

Om avdelinga:

Avdeling for menneske med nedsatt funksjonsevne har ulike tenester til barn og unge og deira familiar.

Ynskjer du ein meiningsfull jobb, der du bidrar til god livskvalitet for andre? Då kan privat avlastning vera jobben for deg.

Me søkjer etter engasjerte og aktive avlastarar til barn og unge med spesielle behov. Avlastning føregår alt frå nokre timar til døgn. Stillinga er på oppdrag, alt etter kva pårørande får i vedtak. Avlastning er ei teneste for familiar med særskilt tyngjande omsorgsoppgåver. Mål med tenesta er å gi foreldre moglegheit til eit avbrekk i omsorgsrolla og gi dei moglegheit til fritid. I tillegg er målet å gi barnet/ungdommen trygge og gode opplevingar.

Arbeidsoppgåver:

Avlastning foregår i din heim i den gitte perioden du har ansvaret for barnet/ungdommen. Som avlastar vil du koma tett på barnet og familien, så god kommunikasjon er viktig. Som avlastar er du med på å skape ein stabil og forutsigbar kvardag. Dine oppgåver er å hjelpa barnet til å utføra daglege gjeremål som stell, god hygiene, måltider og å motivere til aktivitet og frisk luft. Me ynskjer at du er omsorgsfull, kreativ, engasjert, tolmodig og å ha godt med overskudd og driv. Du må kunna gi tryggleik og stabilitet og by på deg sjølv.

Kvalifikasjonar:

  • Det krevs inga formell utdanning, men egnetheit vert vektlagt
  • Du må ha fylt 18 år
  • Ved tilsetting må du framvisa godkjent politiattest 

Eigenskapar som me ynskjer:

  • Du må vera oppriktig interresert i oppdraget og ha tid til arbeidet
  • Du må kunna gi av deg sjølv, gi gode opplevingar og god omsorg
  • Du må ha evne til å skapa tillit, openheit og bidra til eit godt samarbeid
  • Du må vera trygg på deg sjølv og kunna setja grenser
  • Du må lika å vera aktiv og kunne motivera og delta i varierte aktivitetar saman med barnet 
  • Personlege eigenskapar, kjennskap og kunnskap til brukargruppa vert vektlagt

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

15.10.23

Tiltreding:

01.11.23

Arbeidsstad:

Voss Herad

Kontaktpersonar:

May Elisabeth Bolstad

mob: 97050363

Adresse:

Ringheimsvegen 212 5710 Skulestadmo

Kart: