Voss herad

Ferievikarar til heimesjukepleien sone aust

Har du lyst på ein kjekk sumarjobb i heimesjukepleien?

Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sumarjobb i heimesjukepleien? 

Då har vi jobben for deg! På sone aust er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss i sumar. Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfølging av flotte kollegaer på arbeidsplassen.  

Me tilbyr

  • E-læringskurs og
  • god opplæring i arbeidet i sone aust og korttidsavdelinga.
  • medisinkurs
  • ein spanande, meiningsfull og lærerik sumarjobb.
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.


Arbeidsoppgåver

  • Sone aust tilbyr tenester til brukarar i heimen sin iform av heimesjukepleie og heimehjelp. i tillegg driv me korttidsavdelinga.
  • Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktivitetar, tilrettelegging av måltid, personleg bistand og praktisk arbeid.
  • All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for brukar.
  • Miljøarbeid og personsentret omsorg er viktig metodikk. Turnusarbeid med helgearbeid.

 

Me søkjer

  • å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sumar.
  • sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte.
  • som er 16 år til oppdrag som heimehjelp.

Det er eit føremon å ha førarkort klasse B.

Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje, gode samarbeidsevner og gode norskkunnskapar.


Søknaden må innehalde opplysningar om:
•Tidsrommet du kan arbeide i perioden frå juni-august, med hovudvekt på juli. Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 4 veker samanhengande vil verte prioriterte. Oppgje evt. når du ikkje er tilgjengeleg i denne perioden.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

31.03.2023

Tiltreding:

26.06.2023

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hardangervegen 49 5705 Voss

Kart: