Ferievikarar til arbeid på Vetleflaten Omsorgssenter
Har du lyst på ein kjekk sumarjobb på Vetleflaten Omsorgssenter?
Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sumarjobb i eldreomsorga?
Då har vi jobben for deg! På Vetleflaten Omsorgssenter, sjukeheimsdel, er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss i ferien.
Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylgjing av flotte kollegaer på arbeidsplassen.
Me tilbyr
- E-læringskurs og god opplæring i tildelt avdeling.
- Ein spanande, meiningsfull og lærerik sumarjobb.
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
- varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld og helg. Og eventuelt på natt.
Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktiviteta, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid.
All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for bebuar. Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk. Turnusarbeid med helgearbeid.
Me søkjer
Me ynskjer å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sumar.
Me søkjer sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
Me søkjer også deg som kunne tenkja deg å arbeide på natt, eller kombinera turnusarbeid med nattarbeid også.
Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar.
Søknaden må innehalde opplysningar om:
•Tidsrommet du kan arbeide i perioden frå juni-august, med hovudvekt på juli.
Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 4 veker samanhengande vil verte prioriterte.
Oppgje evt. når du ikkje er tilgjengeleg i denne perioden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
31.03.2023
Tiltreding:
26.06.2023
Arbeidsstad:
Voss herad
Heimeside:
http://www.voss.herad.noAdresse:
Hardangervegen 49 5705 Voss