Voss herad

Sjukepleiar

Sjukepleiar vikariat i 80 % stilling

Voss legekontor søkjar sjukepleiar i 80 % vikariat frå 11.01.2027 tom 31.10.2027. Ynskjer du høgare stilling vil du få moglegheit til å arbeida ved ein av våre flotte institusjonar 

Om arbeidsstaden:
Voss legekontor er det kommunale legekontoret i Voss herad. Me held til ved Knutepunktet vis a vis helsestasjonen i 3. etg.
Pr i dag har me 7 legeheimlar, ein Lis1 lege samt 5 sjukepleiarar, 1 medisinsk sekretær og ein merkantil sekretær.

Arbeidsoppgåver for sjukepleiar:

  • Kundebehandling i ekspedisjon
  • Triagering av legetimar etter legevaktsindeks
  • Blodprøvetaking
  • Injeksjonar og infusjonar
  • Sår skift
  • EKG, spiro- og audiometri
  • Andre prosedyrar og arbeidsoppgåver etter behov

Me søkjar etter:

  • Deg som har norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå legekontor og  erfaring med journalsystemet Webmed

Personlege eigenskapar:

  • Imøtekommande og serviceinnstilt
  • Gode samarbeidsevner
  • Ansvarsbevisst
  • Like å arbeide i team
  • Fagleg dyktigheit
  • Evne til å koordinera og planleggja

Me tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Godkjent politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.

Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.

Del på:

Referansenummer:

26/10854

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

13.12.2026

Tiltreding:

11.01.2027

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Ingunn-Olin Haugen

Stilling: Avdelingsleiar

mob: 94136967

E-post: ingunn-olin.haugen@voss.herad.no

Adresse:

Gurid Almenningens Plass 1 5704 Vossevangen

Kart: