Voss herad

Helsefagarbeidar natt

Helsefagarbeidar natt vikariat

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om avdelinga:

Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum. 
Det er 25 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Det er langtid og omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning i institusjonen 

Fylgjande er ledig: 

  • 90% vikariat for helsefag/hjelpepleiar på natt,  3. kvar helg pluss 3 hinkehelger.

Vernepleiar og sjukepleiar og studentar som er ferdig utdanna våret 2027 kan og søkje.
Stillinga er ledig og ein tilset fortløpande. 

Arbeidsoppgåver
:

  • Heilheitleg pleie og omsorg 
  • Helsefaglege oppgåver 
  • Oppgåver etter kompetanse og autorisasjon 
  • Primærkontaktoppgåve 

Kvalifikasjonar:

  • Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar - gjerne erfaring frå nattarbeid i sjukeheim 
  • Vernepleiar
  • Sjukepleiar
  • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me ynskjer:

  • Deg med glede av å arbeide i eldreomsorgen
  • Ein ny god kollega

Me tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Rekrutteringstillegg for sjukepleiar på 20-25.000kr i året 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.  Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Referansenummer:

2026/10048

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Natt

Søknadsfrist:

06.12.2026

Tiltreding:

21.12.2026

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Iren Stalheim

tlf: 91809566

E-post: iren.o.stalheim@voss.herad.no

Adresse:

Oppheimsvegen 35 5713 Vossestrand

Kart: