Voss herad

Distriktsmusikar

Distriktsmusikar folkemusikk, hardingfele

Voss kulturskule er ein veldriven kulturskule med om lag 550 elevplassar  innan musikk, dans, drama og visuelle kunstfag. Me har eit nært samarbeid med det frivillige kulturlivet i heradet. Noko av undervisninga  er desentralisert, men primært er  undervisningsstaden Voss kulturhus. 

Me har i dag 4 distriktsmusikarar i ulike stillingsstorleikar som har hovudbase i Voss kulturhus.

Distriktsmusikar folkemusikk, hardingfele (55 % stilling (25 % utøving, 30 % undervisning)

Kvalifikasjonar: 

 Me søkjer etter ein dyktig folkemusikar med god formidlingsevne og høgt utøvende nivå.

  • Det er ønskeleg med  høgskuleutdanning på hovudinstrumentet med pedagogikk. 
  • Søkjarane må ha god kjennskap til lokal tradisjonsmusikk. 
  • Det å beherske fleire disiplinar vil bli lagt vekt på.
  • Søkjarane må vere engasjerte og initiativrike, og dei må kommunisere veldig godt med både born og vaksne.
  • Dei må vere innstilte på  å jobbe  saman med dei andre distriktsmusikarane og åleine. Søkjarane bør ha sertifikat og disponere bil.
  • Det er ønskeleg med god datakompetanse.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisningsdelen består av opplæring av kulturskuleelevar, og den kan også bestå av anna undervisning, seminarverksemd og instruksjon innan det frivillige musikkliv.
  • Den utøvande delen består av konsertverksemd i samarbeid med det lokale musikkliv, med distriktsmusikarar og andre musikarar både lokalt og i resten av fylket, institusjonskonsertar, samt skule-og barnehagekonsertar lokalt og i samarbeid med fylkeskommunen.

 Me tilbyr:

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og prøvespel.
Nærare opplysningar får du hos kulturskulerektor Oddvar Nøstdal
918 74 240 e- post oddvar.nostdal@voss.herad.no 

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden

Del på:

Referansenummer:

366947894

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.07.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Oddvar Nøstdal

tlf: +47 91874240

E-post: oddvar.nostdal@voss.herad.no

Adresse:

Voss kulturhus 5701 Voss

Kart: