Voss herad

Er du vernepleiar?

Vernepleiar fast stilling

Om avdelinga
Kommunalavdeling helse og omsorg i Voss herad søkjer engasjerte medarbeidarar som brenn for faget sitt og ønskjer fagleg utvikling. Hos oss får du høve til å påverka og vidareutvikla framtidas helse- og omsorgstenester.Me arbeider kunnskapsbasert, med utgangspunkt i både forsking og erfaringskunnskap. Tenestemottakarane står alltid i sentrum når me planlegg og utviklar tilboda våre. For å møte framtidige behov har me eit særleg fokus på førebygging og tidleg innsats.

Om arbeidsstaden

Lundhaugen er eit bustadtilbod for personar med ulike funksjonsvariasjonar. Bebuarane har eigne leilegheiter med tilgang til fellesareal.
Avdelinga har døgnbemanning med våken nattevakt. Ein del av stillingane inneber også arbeid i heimetenesta, sone vest, på kvardagar.

Me tilbyr

  • 2 x 100 % faste stillingar frå 02.11.2026
  • Rekrutteringstillegg på kr 16 000 for nytilsette vernepleiarar
  • Årsturnus
  • Tilrettelagt turnus med moglegheit for langvakter og arbeid kvar 4. helg
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk
  • Eit fagleg miljø med fokus på utvikling og kvalitet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar
    (anna relevant høgskuleutdanning eller fagarbeidar kan også bli vurdert)
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Gode digitale ferdigheiter (opplæring i fagsystem vert gitt)
  • Det er ein fordel med erfaring frå målretta arbeid ved åtferdsutfordringar

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Har gode samarbeidsevner
  • Er fleksibel og tek ansvar
  • Er ein positiv pådrivar i utviklings- og endringsarbeid
  • Bidreg til at den enkelte kan nytta eigne ressursar og auka sjølvstende
  • Kompetanse eller interesse for ASK
  • Har god relasjonskompetanse
  • Har førarkort klasse B
  • Har eit sterkt engasjement for arbeid med menneske med åtferdsutfordringar

 

Arbeidsoppgåver

  • Dokumentasjon i journalsystemet Aidn
  • Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
  • Sikra at lover, reglar og prosedyrar vert følgde
  • Planleggja, gjennomføra og evaluera tiltak
  • Samarbeid med brukarar og pårørande
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Delta i implementering av velferdsteknologi

Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og oppmodar alle kvalifiserte til å søkja – uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det utarbeidd ei offentleg søkjarliste i tråd med Offentleglova § 25. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje om unntak frå lista ikkje vert teke til følgje.

 

Slik søkjer du
Last opp vitnemål og attestar saman med søknaden.

Del på:

Referansenummer:

012495734

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

05.08.2026

Tiltreding:

02.11.2026

Arbeidsstad:

Voss Herad

Kontaktpersonar:

Hanne Tombre

tlf: 97997165

E-post: hanne.tombre@voss.herad.no

Adresse:

Ringheimsvegen 23 5704 Voss

Kart: