Voss herad

Fagarbeidar/assistent inntil 80% stilling

Fagarbeidar/assistent

Informasjon om stillinga: 
Stillinga er knytt opp mot enkeltelev og klasse. Du vert ein del av eit trivelig, aktivt og kompetent fagmiljø som samarbeidar for eit godt og trygt læringsmiljø for alle elevar. 

Om arbeidsstaden:
Granvin barne- og ungdomsskule ligg i hjartet av Granvin, 20 minutt køyring frå Voss. Skulen har kring 120 elevar frå 1. til 10. klasse. Her er det eit godt miljø både for elevar og tilsette. Skulen har gode spesialrom, flott og variert skuleområde, skulehage og nærleik til sjø, skog og fjell som gir oss gode moglegheiter for aktivitet og aktiv læring. Fysisk aktiv læring er eit satsingsområde for skulen. 

Tilsetjing skjer i fortløpande i perioden 

Me tilbyr: 

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Stillinga føl skuleåret.

Kvalifikasjonar:

  • Me ser etter deg med relevant utdanning og/eller god praksis frå liknande arbeid 
  • Gode norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Me ynskjer deg som: 

  • Er god på samarbeid med elevar, kollegaer og føresette
  • Er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
  • Er positiv og løysingsorientert i ein hektisk skulekvardag

Arbeidsoppgåver:

  • støtta elevar i skulekvardagen i tett samarbeid med pedagog
  • Utføra arbeidsoppgåver i tråd med skulen og Voss herad sine rutinar og prosedyrar 
  • vera med elevane i undervisning og aktivitetar ute og inne, utevaktar og leksehjelp

Det er krav om godkjent politiattest ved tilsetjing.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden

Del på:

Referansenummer:

136109674

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

09.07.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Adresse:

Hardangervegen 2543 5736 Granvin

Kart: