Voss herad

Er du vår nye rådgjevar?

Fast stilling rådgjevar landbruk

Kort om stillinga:

Me søkjer ein engasjert og motivert rådgjevar til ei spanande og variert stilling innan landbruk. Som rådgjevar vil du jobbe tett opp mot bønder/ skogeigerar og i samspel med andre aktørar innan landbruksnæringa. Du vil bidra til bærekraftig og god ressursforvaltning og vere med å utvikle landbruket i Voss.

Arbeidsoppgåver

  • Rettleiing og rådgjevingsoppgåver mot næringa
  • Oppfølging av ulike tilskotsordningar
  • Sakshandsaming etter særlovene i landbruket
  • Utvikling av landbruket på Voss inn i framtida
  • Avhengig av bakgrunn og kompetanse, kan oppgåver innan generell næringsutvikling i heradet vere aktuelt

Me ynskjer at du har:

  • Relevant høgare utdanning innan landbruksrelaterte fag
  • Realkompetanse frå rådgjeving i privat sektor og/eller offentleg forvaltning kan kompensere for manglande høgare utdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk, heradet nyttar nynorsk som målform
  • Gode samarbeidsevner, men samstundes kan arbeide sjølvstendig  og er målretta og strukturert
  • Motivasjon og engasjement i arbeidet og er ein fleksibel medarbeider som er løysingsorientert i eit tverrfagleg miljø 

Me tilbyr

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver med stor kontaktflate mot næringa
  • Viktig rolle i utviklinga av landbruket på Voss
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
  • Eit godt tverrfalgeg og sosialtarbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og vilkår etter avtale.

Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å
søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både
når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
 
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved
elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert
ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Del på:

Referansenummer:

896249640

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.08.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Hans Erik Ringkjøb

Stilling: Kommunalsjef Teknisk

mob: +47 97138720

E-post: hans.e.ringkjob@voss.herad.no

Vidar Jørdre

Stilling: Leiar byggesak og næring

mob: +47 91728064

E-post: vidar.jordre@voss.herad.no

Adresse:

Uttrågata 9 5700 VOSS

Kart: